Avdelingsleiar 19/1880
No har me ledig stilling for avdelingsleiar med ansvar for to basar
Avdelingsleiar
- har personal og økonomiansvar og rapporterer direkte til verksemdleiar
- skal vera ein tydeleg leiar som står støtt i utfordringar, men som samtidig legg til rette for medverknad og eit godt samarbeidsklima
- er ein pådrivar i utviklings- og endringsprosessar og har ansvar for at tenestene vert levert med høg kvalitet
- er ein del av verksemda si leiargruppe, og har tett samarbeid på tvers av avdelingane
Me tilbyr
- 100 % stilling
- ein utfordrande og spennande jobb i ei verksemd i utvikling
- leiargruppe med fokus på leiing og leiarutvikling
- god forsikrings- og pensjonsordning
- 5 ekstra fridagar pr. år for leiarar
Krav til kompetanse
- minimum 3-årig høgskule-/universitetsutdanning, f.eks. vernepleiar
Ønska kompetanse
- leiarutdanning / leiarerfaring frå tilsvarande nivå
- erfaring frå fagfeltet vert vektlagt
Personlige egenskaper
- engasjert, sjølvstendig og trygg
- strukturert
- evne og vilje til gjennomføring og til å vera tydeleg
- gode kommunikasjonsferdigheter og samarbeidsevner
- personleg egnethet vert tillagt stor vekt
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger og har omlag 19 000 innbyggjarar.
Verksemda miljøtenesta har 5 avdelingar som gir tenester til menneske med ulik grad av funksjonshemming, psykisk utviklingshemming, autisme og samansette utfordringar. I tillegg har verksemda ansvar for dagtilbod og avlastingstilbod til barn.
Formålet med arbeidet vårt er å ivareta den enkelte bebuar sine behov, samtidig som me ønskjer å berike liva deira. Me fylgjer dei i kvardagen og sørger for at dagane er tilrettelagde både i forhold til jobb og fritidsaktiviteter, i og utafor bustaden.