Sakshandsamar ved koordinering- og tildelingskontoret
Sakshandsamar ved koordinering- og tildelingskontoret
Sist endret: 23.05.2019 Del på Facebook Del på Twitter Send Epost Skriv ut
Vinje helse og omsorg har ledig 60% vikariat i perioden 12.08.19 - 31.08.20. ID 1653
Søknadsfrist: 07.06.19.
Koordinering- og tildelingskontoret har ei sentral rolle i å sikre heilskaplege og koordinerte tenester til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar, og skal ha merksemd mot alle pasient- og brukargrupper. Samordning av tenester er eit av satsingsområda i kommunedelplan for Helse og omsorg 2017 -- 2030.
Hovudoppgåver:
- Sakshandsaming og tildeling av tenester i tråd med aktuelt lovverk.
- Koordinering av tenester i og mellom dei ulike deler av tenestekjeda.
- Samarbeid med ulike instansar, internt og eksternt.
Me ynskjer at du:
- Har kompetanse på høgskule/universitetsnivå
- Er engasjert og har lyst til å jobbe med forvaltningsoppgåver innom temaet helserett.
- Har gode evner til kommunikasjon -- skriftleg og munnleg.
- Er sjølvstendig, samstundes som du likar å samarbeide med andre.
- Trivs med utfordringar og endringsarbeid.
Har du erfaring frå sakshandsaming / økonomi er det ein fordel.
Ved spørsmål om stillinga: Kontakt Torhild Naustvik- Jortveit, leiar koordinering- og tildelingskontoret tlf. 909 90 294.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Søknad skal sendast på elektronisk skjema