Vertar til Vitengarden
Jærmuseet
Kviavegen 99, 4365 Nærbø
Om jobben
Stillingstittel
Vertar til Vitengarden
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Vertejobben på Vitengarden
Kombiner skule med spanande jobb med fagleg relevans
Vitengarden, vitensenteret og museet på Nærbø søker skuleungdom som likar å formidla for barn og unge.
- Resepsjon/butikk
- Kafé
- Utstilling
- Publikumsaktivitetar
- Servering
Allsidige arbeidsoppgåver. Du vil få god opplæring.
Arbeidstid: Annakvar sundag, feriar og kveldsarrangement.
Oppstart til hausten.
Me prioriterer vertar som kan jobba minimum 2 år hjå oss. Du må òg kunne jobba i nokre av skulen sine feriar, og minst 3 veker i sommarferien.
Om Vitengarden
Vitengarden er eit kombinert vitensenter og museum på Nærbø - midt i matfatet på Jæren.
På Vitengarden kan du læra ved å gjera. Interaktive utstillingar ute og inne fortel om landbruket på Jæren, moderne matproduksjon, energi, teknologi og natur.
Opplev museumsgarden med levande husdyr og eit gardsmiljø frå 1950-talet med gjess, høns, kyr, grisar og sauer.
Kvalifikasjonskrav og eigenskapar
- Du må gjerne ha interesse for realfag og historie
- Du må gjerne ha interesse for mat og kafédrift
- Du må gjerne ha interesse for dyr og gardsdrift
- Du må vera utadvendt og imøtekomande
- Du må kunne ta imot publikum på ein god måte
- Du må kunne setja deg inn i faget eller historiar som skal formidlast
- Du må kunne formidla både på norsk og engelsk
- Du må ha fylt 15 år i løpet av 2024
Alle vertar må levera godkjent politiattest ved tilsetting.
Me vil gje gutar ei ekstra oppfordring om å søkja.
Jærmuseet tilbyr
- God opplæring
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø
- Løn etter tariffavtale
- Rabattordningar for tilsette
- Arbeidstid etter oppsett arbeidsplan for vertar
- Moglegheit for ekstratimar ved arrangement
- Spanande jobb som er god å ha på cv-en
Spørsmål om stillingane kan rettast til:
Helene Østby Larsen, avdelingsdirektør
Telefon 45 25 48 17
Søknaden må sendast via jobbnorge.no
Om bedriften
Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.
Museet har ca 73 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar.
Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling.
Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi.
Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.
Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2580592
- Sist endret
6. mai 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10199019