Sosionom i Legemiddelassistert rehabilitering
Avdeling for rusmedisin/ AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), Helse Bergen
Møllendalsveien 31, 5009 Bergen, Nye Sandviksveien 84, 5032 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sosionom i Legemiddelassistert rehabilitering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. januar
Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR avdeling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytt til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern, m.a. ved geografisk deling av alle poliklinikktenestene. Målsetting for integrasjonsprosessen er å utvikle tettare samhandling med DPSar og kommunale tenester.
LAR er organisert i 6 geografiske seksjoner. Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar integrert behandling og rehabilitering i samarbeid med kommune og DPS. Trongen for behandling er stor og pasientane treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete.
Vi har ledig følgande stilling:
* 100% fast stilling for sosionom ved LAR Årstad
* 100% vikariat for sosionom frå 1 april 2025 - 31 mars 2026 ved LAR Øvregaten
Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker. Begge stillinger er dagstilling med arbeidstid frå kl.08.00 -15.30. Arbeid kvar 4. laurdag, fri søndag. Det vil og bli arbeid på nokre helligdagar.
Arbeidsoppgåver
- Som behandlar i LAR har ein ansvar for heilhetleg oppfølging og behandling til eit gitt tal pasientar
- Poliklinisk oppfølging
- Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk
- Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling
- Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe, der 1.linjeteneste og DPS er sentrale samarbeidspartnarar
- Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sosialt arbeid
- Erfaring frå arbeid innan rusbehandling eller psykisk helsevern, samt kommunale sosiale tenester eller andre kommunale behandlingstiltak for rusmiddelavhengige
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Du bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel, tåler uforutsigbarhet og evner å prioritere i stressande situasjonar
- Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du har god skrifteleg formidlingsevne for journaldokumentasjon
- Du har evne og vilje til å inngå i langvarige og krevande behandlingsrelasjonar til pasientar
Vi tilbyr
- LAR er eit fagområde i stor utvikling. Vi kan difor love ein utfordrande og arbeidskrevjande kvardag i eit godt arbeidsmiljø
- I LAR - poliklinikkane blir det lagt stor vekt på utvikling av medarbeidarars faglege kompetanse og evne til samhandling
- Ein arbeider i team og vil få regelmessig rettleiing og undervising
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi
oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn,
alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein
har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest
ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Katrine Varvik, Konst. seksjonsleiar, 98050854, katrine.coucheron.varvik@helse-bergen.noArve Frostad, Seksjonsleiar , 92624782, arve.frostad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Nye Sandviksveien 845032 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4904973128
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 27.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2832888
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c4c23dea252f4f68bf636cce25b84b02