Sjukepleiar - 2. gongs utlysing
Luster kommune Luster omsorgssenter
Dalsdalen 1, 6872 Luster
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. september
Luster omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt i Luster.
Stillingsinformasjon:
- Luster kommune søkjer sjukepleiar til Luster omsorgssteneste, sjukeheim. Det er ledig 100% fast stilling frå snarast
- Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeidshelg 3.kvar helg, men om ynskjeleg kan ein jobbe langvakter 4.kvar helg
- Tilsette ved Luster omsorgssenter yter tenester til langtids sjukeheimspasientar og til heimebuande. Per no er stillinga ved sjukeheimsavdelinga
- Sjukepleiarar ved Luster omsorgssenter får eit ekstra rekrutteringstilskot ved tilsetjing
- Tilsetjing kan bli gjort fortløpande
Arbeidsoppgåver:
- Sjukepleiefaglege oppgåver som medikamenthandtering, lindrande behandling, sårstell med meir.
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
- Rettleie og følgje opp elevar, studentar og lærlingar
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend sjukepleiar
- Erfaring/kompetanse innan eldreomsorg er ynskjeleg
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
Me legg vekt på:
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
Me kan tilby:
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Tilbyr
- Langtidsplass sjukeheim
- Omsorgsbustadar
- Tenester til heimebuande
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2664775
- Sist endret
29. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3358271_219709_nn