Miljøterapeut
Org.nr.: Stillingsident: 19/403 Presentasjon av stillingen :
Helse og omsorg er ei eining med om lag 50 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Arbeidsstad
Eidsbøen bufellesskap har 28 tilsette fordelt på 23 årsverk. Målet vårt er at kvar brukar skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv. Vi er opptatt av god kompetanse og brukarmedverknad. Vi har eit godt arbeidsmiljø og tenesta er i utvikling for å møte framtidas utfordringar og oppgåver.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand og rettleiing til tenestemottakarane.
- Sørga for at tenestemottakarane får tenester med fagleg forsvarleg innhald etter vedtak.
- Ansvar for å utarbeide og halde vedlike tiltaksplaner og dokumentasjon i fagsystemet
- Koordinere tenester ovanfor tenestemottakarar og bidra til godt samarbeid med tenestemottakarar, pårørende, spesialisthelsetjenesten og andre aktuelle instanser.
- Delta i tverrfaglege samarbeidsfora
- Rettleiingsoppgåver mot pårørande, kollegaer, studentar, elevar og lærlingar
Kvalifikasjonar
- 3-årig vernpleieutdanning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Relevant erfaring frå arbeidsfeletet er ønskeleg
- Førarkort for personbil
- Gyldig politiattest
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med vernepleieutdanning kan det vere aktuelt å tilsette kandidatar med relevant 3-årig høgskule/universitetsutdanning og erfaring innan arbeidsfeltet.
Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er målretta, fleksibel, sjølvstendig og evner å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar. Vidare må du ha:
- evne til å lytte og gje konstruktiv rettleiing
- gode evner til samarbeid
- respekt for andre og høg integritet
- stor arbeidskapasitet
- engasjement for arbeidsfeltet
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Linn-Beathe Suphammer, Tlf: 55081462, Epost: linn.beathe.suphammar@austevoll.kommune.no
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune i Midthordland. Austevoll er landets største fiskerikommune, har svært høg næringsaktivitet, verdiskaping og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar. Nærleiken til Bergen gjer at rundt 700 bergensarar og andre naboar dagleg jobbpendlar til Austevoll. Vi har eit rikt kulturliv og kommunen har i dag omlag 240 fast tilsette som opptekne av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Austevoll kommune byggjer på verdiane truverd, respekt, openheit, mot og profesjonalitet.