Overingeniør molekylær patologi
Avdeling for patologi, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Overingeniør molekylær patologi
Oppstart
3. juni 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Patologiavdelinga er ei kjerneverksemd innan diagnostikk av kreft og andre sjukdommar. Avdelinga utfører eit stort spekter av diagnostikk, med bruk av analyser frå klassiske mikroskopteknikkar til molekylære analyser, samt obduksjonar. Vi er langt framme i digitalisering, og nyttar digital patologi der mesteparten av gransking no vert gjort på skjerm i staden for i mikroskop. Forutan klinisk diagnostikk deltek vi i utdanning av helsepersonell, rettleiing og regionale og nasjonale prosjekt, mellom anna knytt til Patologi i Vest og NorPrem.
Vi søkjer ein motivert og dyktig medarbeidar som kan bidra til å utføre og implementere molekylærbiologiske analyser ved avdelinga. Som medarbeidar hos oss, vert du del av eit godt fagmiljø med varierte arbeidsdagar. Våre medarbeidarar jobbar i tett samarbeid for å sikre presis diagnostikk og tilpassa behandling for pasientane. Arbeidstid er dagtid, noko reising må påreknast.
Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kysten og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekk seg frå kunst til konsertar.
Vi ber søkjarar legge ved dokumentasjon på utdanning.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift og vedlikehald for molekylærpatologisk laboratorium
- Delta i rutinearbeid
- Arbeid med metodevalidering/verifisering av nye metodar og utstyr
- Opplæring og rettleiing av studentar og medarbeidarar
- Bidra i arbeid med kvalitetssikring og forbetring
Kvalifikasjonar
- Utdanning på mastergradsnivå innan molekylærbiologi eller tilsvarande
- Kunnskap/erfaring med metodeutvikling og neste generasjons sekvensering er ein fordel
- Erfaring frå klinisk medisinsk laboratorium tel positivt
- Kompetanse innan bioinformatikk er ønskjeleg
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og evt engelsk
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og trivast i team
- Initiativrik og fagleg engasjert
- Påliteleg, sjølvstendig og strukturert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande og variert arbeidskvardag
- Fagleg utvikling
- Engasjerte kollegaer i eit triveleg arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef, +47 91806787Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4792445972
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.06.2024
Søknadsfrist: 18.04.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2609750
- Sist endret
19. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6d07d943b4a64001ad1b66ad2b828ab8