Helsesekretær
Merkantile tjenester, somatikk Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær
Oppstart
1. desember 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ledig 100 % vikariat i merkantile tenester - arbeidsoppgåver for tida knytt til henvisningsmottak, skanning og arkiv.
Dersom det ved utløp av søknadsfrist skulle vere fleire ledige stillingar, vil tilsetjing skje i søkjarmasse som føreligg.
Tiltreding etter avtale.
Merkantile tenester i Klinikk for somatikk Stord ivaretek kontorfaglige oppgåver i medisinsk avdeling, kirurgisk avdeling, føde- og gynekologisk avdeling, rehabiliteringsavdeling og akuttmottak. I tillegg har vi ansvar for henvisningsmottak, skanning, arkiv, sentralbord og resepsjon. Vi har omlag 20 årsverk og er ein viktig støttefunksjon til gode og trygge pasientforløp.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og registrering av henvisninger både per post og elektronisk
- Kvalitetssikre alle mottekne dokument
- Skanne dokument til journal
- Arbeid med journalarkivet ved sjukehuset
- Bistå anna helsepersonell i spørsmål knytt til henvisningar
- Være ein pådrivar for å oppdatere og utvikle ansvarsområdet
Kvalifikasjonar
- Stillinga krev god kjennskap til medisinsk terminologi. Har du nokre år i klinisk arbeid, men ynskjer å jobbe kontorfaglig kan du vere rette kandidaten for oss
- Du har utdanning som helsesekretær med autorisasjon, medisinsk sekretær eller anna helsefaglig utdanning
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid i sjukehus
- Det er ynskjeleg med kjennskap til journalsystemet DIPS
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- arbeidar godt både sjølvstendig og i team
- bidreg til å utvikle både deg sjølv og ansvarsområdet ditt
Vi tilbyr
- God opplæring i datasystem og arbeidsoppgåvene som er knytt til stillinga
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagleg utvikling gjennom digitale kompetanseplanar, fagdagar og kurs.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Eunike Risnes, Funksjonsleiar - Merkantil tenester, +47 45010444Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4873306800
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2024
Sluttdato: 30.11.2025
Søknadsfrist: 03.11.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2770843
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dd70dd1862b743bbad9e3f0a4b7062c4