Ledige undervisningsstillingar ved Sauda vidaregåande skule
Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule med variert tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. I tillegg har skulen førebuande tilbod for minoritetsspråklege elevar. Skulen har status som regionalt kompetansesenter i Indre Ryfylke og er samstundes eit opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne.
Det er om lag 450 elevar og 100 tilsette ved skulen. Skulen er den einaste vidaregåande skulen i Indre Ryfylke og er lokalisert tre ulike stader i to kommunar. Hovudavdelinga ligg på Lofthus i Sauda kommune. Dei andre ligg på Birkeland i Sauda kommune og Sand i Suldal kommune.
Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur prega av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen.
Skulen søker nye og framtidsretta løysingar og tilbod. Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.
Arbeidsoppgåver:
Skulen har følgande ledige stillingar frå 1.august 2024:Inntil 150% fast undervisningsstilling med norsk i fagkrinsen. Hovudarbeidsstad på Sand. Andre aktuelle fag: Spansk, tysk, engelsk, samfunnsfaglege fag.
Inntil 300% undervisningsstilling, fast og vikariat. Aktuelle fag: Naturfag, norsk, norsk som andrespråk, engelsk, samfunnskunnskap, spansk, kjemi, matematikk.
Stillingane krev:
- Relevant fagleg kompetanse i faga ein skal undervise i
- Godkjent pedagogisk kompetanse (PPU)
- Godkjent politiattest
- Førarkort klasse B.
Vi søker personar som:
- er flinke på klasseleiing og kommunikasjon med elevar
- likar å samarbeide
- er gode brukarar av digitale verktøy
Det blir lagt stor vekt på kor personleg eigna søkarane er.
Vi tilbyr:
- utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
- høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
- gode faglege utviklingsmoglegheiter
- offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
- lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Om du finn skulen og stillingane interessante, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka.
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.
Kontaktinformasjon
Arnhild Marie Hauge Aarhus, 48283169, arnhild.aarhus@skole.rogfk.noArbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommuneReferansenr.: 4780312245
Stillingsprosent: 100%
Annet, Vikariat
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 01.04.2024