Einingsleiar Surnadal sjukeheim
Er du opptatt av å gi gode opplevingar og meiningsfulle dagar, i ein trygg relasjon til våre engasjerte medarbeidarar?
Vi søker det om vil vere lagleiar og guide i vårt arbeid med å utvikle helse- og omsorgstenestene vår.
Einingsleiar ved Surnadal sjukeheim
Sjukeheimen er ein del av Surnadal helsehus som består av heimetenester, omsorgsbustader, dagsenter og sjukeheim, som er samla innan området pleie og omsorg og som ligg sentralt i kommunen.
Surnadal kommune har ein sjukeheim som per i dag har 61 pasientrom, derav 52 langtidsplassar.
Plassane er fordelte på demensavdeling, langtidsavdeling og korttidsavdeling. Vaskeri- og kjøkkentenester ligg samlokalisert i sjukeheimsbygget, er einingsleiar har overordna ansvar.
Sjukeheimen har om lag 85 årsverk fordelt på om lag 120 tilsette.
Sjukeheimen har søkelys på utvikling av kvalitet i tenesta, fagleg og organisatorisk utvikling og kompetanseutvikling.
Kommunen sin samfunnsdel og Helse- og omsorgsplanen gir føringar for eininga sine tiltak i tillegg til lover og forskrifter og føringar og frå sentralt hald.
Sjukeheimener i gang med med fleire utviklingsprosessar som den nye einingsleiaren har ansvar for å vidareføre og utvikle saman med kompetente medarbeideidarar.
Utviklinga av Surnadal helsehus er eit felles satsingsområde innan helse og omsorg, der einingsleiar får ein sentral rolle.
Kommunen ønskjer ein einingsleiar som:
- Kan og vil leie har faglege og administrative leiareigenskapar
- Kan setje klare mål for verksemda og utnytte dei samla ressursane effektivt
- Har vilje og evne til samarbeid, kan rettleie og inspirere til utviklingsarbeid
- Har relevant leiarerfaring
- Har god økonomiforståing, er strukturert og ryddig
- Har interesse for korleis man kan bruke teknologi for å forbetre arbeidsprosessar og system
- Har relevant høgskuleutdanning, gjerne med helse- og/eller sosialfagleg bakgrunn
- Kan tenke nytt kring rekruttering og bidra til å dekke kompetansebehovet i eininga
- Er lojal til kommunen sine mål
Vi tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
- Mulighet for leiarutdanning og vidarutvikling
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
For stillinga gjeld:
Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos kommunedirektør Knut Haugen på tlf 91554069, epost: knut.haugen@surnadal.kommune.no, eller kommunalsjef Gunhild Eidsli, tlf 97174856 og på epost: gunhild.eidsli@surnadal.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her