Butikksjef Coop Mega Volda
Presentasjon av stillingen:
Er du positiv og løysningsorientert? Tydeleg og med leiartalent? Då er kanskje dette noko for deg!
Vi søkjer butikksjef til Coop Mega Volda.
Mega Volda er det leiande supermarkedet i regionen. Butikken har 25 tilsette og omset for nærare kr. 50 mill. NOK i året.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Leiing
- Drifts- og budsjettansvar
- Vare- og fakturakontroll
- Marknadsføring
- Personalleiing og kundehandsaming
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Vi søkjer ein utadvendt person som er god på leiing av menneske. Ein viktig eigenskap er å vere ein god leiar for eit team som skapar gode kundeopplevingar.
Som leiar er du positiv, målbevisst og resultatorientert. Du er både serviceinnstilt og ein god kremmar og har evne til å motivere dine tilsette.
Vi tilbyr:
- Spennande og utfordrande stilling i eit miljø med mykje erfaring, gode moglegheiter til personleg og fagleg utviklig
- Ordna arbeids- og lønnsforhold, resultatbonusordning, pensjonsforsikring og andre forsikringsordningar
Kontaktpersonar:
Coop Nordvest SA v/driftssjef Bjørn Vegard Pedersen, tlf: 900 41 944 eller FREMO Rekruttering ved Jorunn Løseth, tlf: 907 90 311.
Alle forespurnadar til FREMO vil bli behandla konfidensielt, også ovanfor arbeidsgjevar om ynskjeleg.
Søknadsfrist: 4. mars 2019
Kontaktinformasjon
Bjørn Vegard Pedersen, Driftssjef, 90041944, bjorn.vegard.pedersen@coop.no
Jorunn Løseth, Salgsansvarlig/sertifisert rekrutterer DNV, FREMO, 90790311, jorunn@fremobemanning.no
Arbeidssted
6100 Volda
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Coop Nordvest SA
Referansenr.:4027597825
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 04.03.2019
Om bedriften
Coop Nordvest SA er ein medlemseigd organisasjon med ca. 145 000 medlemmer. Laget driv si verksemd i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag.
Laget har desse driftseiningane: 29 Extra daglegvarer, 6 Mega, 23 Prix, 53 Marked, 1 Obs Hypermarked, 7 Obs BYGG, 8 Byggmix og 15 einingar innan øvrig faghandel. Laget har om lag 2100 tilsette og ein årsomsetnad på netto 5 mrd. kroner. Regionkontor i Førde, Orkanger og Ålesund.