Er du vår nye avdelingsleder ved Orstad læringssenter?
Orstad læringssenter (ATO) er ein avdeling under Orstad skule. Det vil i skuleåret 20/21 være 13 elevar med særskilte behov. Orstad læringssenter har også eit veiledingsansvar/oppfølgingsansvar for elevar med psykisk utviklingshemming på skular elles i kommunen. Personalet er samansett av miljøarbeidarar, miljøterapeutar og pedagogar. Elevane har ulike utfordringar som med store samansette funksjonsnedsettelsar, autismespekterforstyrrelser og elevar med ulike tilleggsdiagnoser. Avdelinga har SFO-tilbod
Vi søker ny avdelingsleiar i 100 % fast stilling ved Orstad læringssenter
Vi søker etter ein dyktig og motivert leier som ønsker å være med på å vidareutvikle avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Lede arbeidet med tilrettelegging for læring for elevar med omfattande funksjonsnedsettelsar, inkludert åtferdsmessige og/eller medisinske utfordringar
- Være ein naturleg del av skulens leiing
- Stillinga har ca 50 % til leiing og 50 % til elevtid
Stillinga går inn under kommunale vilkår. Den som blir tilbudd stilling må framlegga politiattest, jf. barnehagelova § 19. Attesten skal ikkje være eldre enn 3 månader.
Krav til kompetanse
- Helsefagleg og/eller pedagogisk utdanning frå høgskule/universitetsnivå og leiarerfaring
- Har gjennomført leiarutdanning, eller har leiarerfaring og er innstilt på å ta leiarutdanning.
- Erfaring frå arbeid med elevar med autismespekterforstyrrelser og/eller store samansette funksjonsnedsettelser er ønskeleg
- Kompetanse vedrørande førebygging og handtering av utfordrande åtferd
- Kjennskap til alternative kommunikasjonsformer og hjelpemiddel er ein fordel
- Oppdatert på relevante arbeidsmåtar og forskningsbasert metodikk
- God kjennskap til lovverk som vil styre arbeidet
- Personleg egnethet blir vektlagt
Ønsket kompetanse
- Høgskule / Universitet
- Vernepleiar/sjukepleiar eller annan relevant utdanning
Personlige eigenskaper
- Tydeleg, systematisk og strukturert
- Held deg fagleg oppdatert og er utviklingsorientert
- Viser engasjement og evne til refleksjon
- Er raus og positiv og har genuin interesse for arbeid med barn med nedsett funksjonsevne
- Tar ansvar, er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Evne til å tenke helhetlig rundt elevens læringsmiljø
- Flink til å formidle bodskap og motivere til felles innsats
- Godt humør og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Stillingsnummer: 20/600
For meir informasjon, ta kontakt med avdelingsleiar Cato Wallin på telefon 51785510/93482437 eller rektor Tor Åge Risnes på telefon 51785500/92817769
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.