Off. godkjent helsefagarbeidar
Heimetenester
Dalevegen 26, 6153 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar heimebasert omsorg
Type ansettelse
Fast, deltid 90%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ved heimebasert omsorg er det frå d.d. ledig 90 % stilling for off. godkjent helsefagarbeidar. Vi søkjer deg som vil ha faglege utfordringar og jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag. Du vil få dyktige kollegaer på laget som jobbar målretta med fokus på individuell pleie og omsorg med høg kvalitet og refleksjon. I heimebasert omsorg møter du mange ulike brukarar og får arbeide saman i eit godt team.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere autorisert helsefagarbeidar
- Du må ha førarkort klasse B
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar.
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, løysingsorientert og har godt humør
- At du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- At du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
- Du trivest i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Kompetanseutvikling gjennom e-læringskurs og internundervising
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar.
Stillinga er plassert i kap. 4GR1.2- Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Laila Bjørkedal, Avd.leiar heimetenester aust, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 26
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4781544361
Stillingsprosent: 90%
Fast
Søknadsfrist: 25.04.2024
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 5. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2608723
- Sist endret
26. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c260acb8ccfc46af817a90855aac3cdf