Jordmor
Luster kommune Helse
Øyagata 4, 6868 Gaupne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. desember
Stillingsinformasjon
Luster kommune har ledig fast 100 % stilling som jordmor frå 01.03.2025.
Jordmorstillinga er tilknytt Helsestasjon og skulehelsetenesta og ein del av eininga Helse. Kontorstad er Helsesenteret i Gaupne. Helsestasjonen er samlokalisert med psykisk helse/rus, fysio/ergo og legekontoret. Planlegging av nytt Helse- og omsorgssenter med samlokalisering av fleire tenester er i gang. Oppgåvene i stillinga er knytt til nasjonale retningslinjer for svangerskapsomsorg og for barselomsorg. Stillinga består av 62% kontor på dagtid og 38% beredskapsvakt/følgeteneste. Luster kommune har vaktsamarbeid med Sogndal kommune.
Arbeidsoppgåver
- Svangerskapskonsultasjonar
- Foreldreførebuande kurs
- Samtalar, heimebesøk og oppfølging etter fødsel
- Andre oppgåver knytt til kvinnehelse kan vera aktuelle
- Tverrfagleg samarbeid
- Off. godkjend jordmorutdanning
- Relevant praksis og erfaring
- IKT kompetanse. Kjennskap til fagprogrammet CGM WinMed er ein fordel.
- Gode norsk kvalifikasjonar, både munnleg og skrifteleg
- Førarkort for personbil
- Det vert stilt krav om politiatttest
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
- Verdsetje andre sin kompetanse og bidra inn i eit fagleg fellesskapet
- Fagleg engasjement
- Fleksibilitet og evne til å ta ansvar
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2803925
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3435169_220869_nn