Vil du bidra til grøn innovasjon i ferjenæringa?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fv63 90, 6215 Eidsdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Hareid-Sulesund, p.t. MF Hadarøy
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Kvanne-Rykkjem, på vår flotte nye elferge MF Stangvikfjord.
Skiftordning: Døgnvakt - 2 veker på og 2 veker av.
Hybelordning - Fjord1 disponerar leiligheit på Kvanne som gjer overnattingsmoglegheit i arbeidsperioden.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- MES opplæring
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Gode leiareigenskaper
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og maskinistforbundet
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning
Kontaktinformasjon
Elias Giil, 48467511, +47 48467511Arbeidsstad
Fv63 906215 Eidsdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4888867509
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.12.2024
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2799182
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e53b49df412444b58365353f5b43fcfb