ID 2179 Avdelingsleiar SFO - Langeland skule
Er du opptatt av at SFO skal vera ein føreseieleg, god og trygg stad for barn og vaksne, kor aktivitetane er prega av kvalitet? Evnar du å vera tydeleg og varm på same tid? Er du glad i å vera ute? Likar du å vera saman med barn i leik og aktivitet? Tek du barn på alvor? Då kan du vera den rette for oss! Ta gjerne kontakt om du ønskjer meir informasjon.
Det er frå august 2024 ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar på SFO hos oss på Langeland skule.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Vera med å planleggja, organisera og gjennomføra det pedagogiske arbeidet ved skulen og i SFO.
- Medansvar for den heilhetlege omsorga for det enkelte barn
- Ha oversikt over planar og daglege aktivitetar
- Vera med å oppretthalda og utvikla eit godt foreldresamarbeid
- Delta i endrings- og utviklingsarbeid
- Bidra til eit trygt og godt miljø i skule og SFO
- Leggja til rette for leik og læring
- Delta på samarbeidsmøte og planleggingsdagar
- Jobba i tråd med skulen og SFO sine verdiar, årsplanar, rammeplan og Opplæringslova
Personlege eigenskapar:
- Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Du er varm og omsorgsfull, samtidig som du kan setja tydelege grenser og trygge rammer for barna
- Du er aktiv, engasjert og sjølvstendig
- Du har eit ynskje om å bidra med din kompetanse
- Du har gode relasjonelle ferdigheitar i møte med barn, foreldre og kollegaer
- Du har godt humør og er god på samarbeid
Kvalifikasjonskrav:
- Pedagogisk utdanning eller anna relevant utdanning
- Er oppdatert på utviklinga av SFO og har kjennskap til rammeplan og avtaleverk
- Det er ønskjeleg med leiarerfaring frå SFO
- Beherska digitale verktøy
- Personlege kvalifikasjonar vert vektlagt.
- Politiattest, ikkje eldre enn 3 månader må framleggas ved oppstart
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ønsker å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Kontaktperson: Elisabeth Aarekol, rektor tlf 53456464/ 9349988
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.