Universitetslektor EVU, vikariat
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Universitetslektor EVU, vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor EVU
Ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat som universitetslektor knytt til instituttets etter- og vidareutdanningstilbod. Stillinga er ledig ut 2024. Det er ynskjeleg med oppstart i stillinga snarast mogeleg.
Om stillingaKurstilbodet er sett saman av ulike frittståande emne som med masteroppgåve kan settast saman til ein erfaringsbasert mastergrad. Tematisk er EVU-tilbodet innretta mot politisk utvikling, demokrati og menneskerettar med kurs som omhandlar demokratiassistanse, val og menneskerettsobservasjon, business and human rights, samfunnssikkerheit og krisehandtering og korrupsjonsgransking i tillegg til metodekurs. Studentane tek kursa på deltid, men kurstilbodet har i aukande grad vorte digitalisert som heilt eller delvise nettkurs. Du kan lese meir om EVU-tilbodet her. For meir informasjon om instituttet, forskingsaktivitetar og utdanningstilbod viser vi til Institutt for samanliknande politikk.
Stillinga har desse hovudoppgåvene:
- ansvar for planlegging, organisering og oppfølging av undervisning knytt til instituttets etter- og vidareutdanningstilbod
- koordinering av kursprogram, kontakt og oppfølging av undervisarar og fagleg kontakt med studentar
- kontaktpunkt til UiB Videre
- oppfølging av eventuelle vitskapelege assistentar knytt til emna.
- det kan verte aktuelt med andre oppgåver knytt til undervisningsverksemda ved instituttet
Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid) og fagleg oppdatering. Det kan verte endringar i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- har mastergrad i samanliknande politikk eller statsvitskap
- har gode metodekunnskapar
- har røynsle med undervisning, utviklingsarbeid og rettleiing, gjerne frå etter- og vidareutdanningssektoren
- har erfaring med digitalisering av undervisning, røynsle med Canvas er ein føremon
- er strukturert, organisert og løysingsorientert
- kan undervise både på norsk og engelsk
- har gode samarbeidsevner
Vi kan tilby:
- Eit godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
- Årsløn som universitetslektor, st.kode 1009, mellom kr. 584 500 – 624 500 (lønssteg 60 – 64 i Statens lønsregulativ). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Følgjebrev
- CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid)
- Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar
Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga.
Det kan verte aktuelt med prøveforelesing før tilsetjing.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist er 21.05.2024 og søknaden skal merkast 24/5440.
Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Leiv Marsteintredet, leiv.marsteintredet@uib.no.
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig