Undervisningsstilling - fransk
Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 200 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Skulen har ledig eit vikariat i fransk (ca. 70%) skuleåret 2024-25 (01.08.24-31.07.25). Skulen har og behov for undervisningskompetanse i faga engelsk, kroppsøving, samfunnskunnskap, historie og spesialpedagogikk, som kan fylle opp vikariatet til 100%.
Arbeidsoppgåver
Planlegging og gjennomføring av undervisningVurderingsarbeid og utviklingsoppgåver
Vere ein bidragsytar i tverrfagleg samarbeid og klasseteam
Kvalifikasjonar
Rlevant utdanning frå høgskule/universitet, pedagogisk kompetanse og erfaring innan undervisning i fransk og i eit eller fleire av dei faga skroppsøving, engelsk, samfunnskunnskap, historie, spesialpedagogikk.Personlege eigenskapar
Positiv og likar å arbeide med ungdomStrukturert, samstundes som du kan arbeide i eit hektisk miljø
Sjølvstendig, samstundes som du er god på relasjonar og samarbeid
Utviklings- og løysingsorientert
Romsleg, raus og fleksibel
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Eit aktivt og stimulerande fagmiljøNært samarbeid med kollegaer
Løn etter gjeldande offentleg regulativ
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Geir Veland, rektor , 97143273Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4800875057
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.05.2024