Trainee sjukepleiar
Medisinsk sengepost Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Trainee sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere med på å forme framtidas helsevesen? Vi er i gong med å bygge nytt fellessjukehus, og ønskjer å fylle dette med dei beste folka. Vil du vere med oss på denne reisa?
Vi har no ledige faste stillingar som trainee sjukepleiar. Stillingane er i todelt turnus med jobb kvar 3. helg som hovudregel. Her er det store mogelegheiter for personleg tilretteleiing av arbeidstid og val av stillingsstørrelse. Dette er stillingar kor du vil tilegne deg god kunnskap og kompetanse som sjukepleiar.
Ønskjer du ein spennande og utfordrande jobb der ingen dagar er like? Vi er i kontinuerlig endring for å møte krava som blir stilt til oss. Hos oss er vi derfor opptatt av eit sterkt sjukepleiefag slik at vi kan yte sjukepleie med god kvalitet til det beste for pasientane. Her vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø og jobbe tett saman med engasjerte kollegaer. Vi har stort fagleg fokus og er opptatt av å bruke riktig kompetanse på rett stad. Både helsefagarbeidarar og sjukepleiarar jobbar i team saman for å sikre pasientane best mogleg behandling og oppfølging. Vi har ei nytilsett leiing og fagsjukeplaiar som er i gong med å etablere ein ny kurs for avdelinga. Og vi ønskjer oss fleire gode sjukepleiarar som vil vere med på å forme framtidas helsetenester!
Traineeforløpet inneber:
- Kompetanseutviklingsprogram med fagdagar spesielt for traineesjukepleiarane
- Fagleg og organisatorisk breddekompetanse
- Internundervisning på seksjonane
- Mentorordning; traineesjukepleiar får oppfølging og veiledning av erfaren sjukeplaiar på sengeposten
Dei to første åra av tilsettinga, vil du gå eit traineeforløp. Heile forløpet starter med felles introduksjon og kursdagar for traineene. Innan traineeforløpet vert det arrangert eigne fagdagar med fokus på å byggje brei og god kompetansen innan både fag og organisasjon. I tillegg følgjer traineesjukepleiarane eit eige forløp med sjukepleiefagleg rettleiing med mentor.
Medisinsk sengepost består av 30 senger med eit høgt aktivitetsnivå. Vi har høg fagleg kompetanse, og kan tilby eit trygt og erfarent arbeidsmiljø. Sengeposten består av fire fagseksjonar:
- Hjerte og lunge
- Gastrologi og endokrinologi
- Geriatri, slag og nyresjukdommar
- Kreft, blodsjukdommar og palliasjon
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. Det nye akuttsjukehuset har kort reiseveg frå Kristiansund. På veg mot nytt sjukehusbygg skal vi saman utvikle ein arbeidsplass som skal ivareta både pasientane, pårørende og tilsette. Arbeidsstad p.t.er ved Kristiansund sjukehus. Etter to år som trainee, vil du framleis vere tilknytta Klinikk SNR og fast tilsetting ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).
Når det nye akuttsjukehuset står ferdig på Hjelset, blir det din nye arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane
- Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåver
- Legemiddelhåndtering
- Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar
- Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik
- Samhandling med kommunar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og strukturert
- Du har eit fagleg engasjement
- Du ønskjer deg faglege utfordringar og variasjon i arbeidet
- Du viser fleksibilitet og evne til omstilling
- Du er ein god teammedarbeidar
- Du har gode kommunikasjonsferdigheter
- Du er positiv og har gode haldningar
- Du er opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid på høgt nivå
- Ein inkluderande arbeidsplass med positivt og godt arbeidsmiljø
- Fagdagar fast i turnus
- Opplæring med fagsjukepleiar og eigen mentor
- Medvirkning til eigen turnus
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Rekrutteringsstillegg 25000,-
- 2 års bindingstid
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Beate Eilen Svanemsli Lyngvær, Seksjonsleiar, +47 97613848Arbeidssted
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4783318578
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.04.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2591724
- Sist endret
3. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
34d772ca50d24df0a6068397cce2dfc8