Programrettleiar - 100 % engasjement
Engasjement som programrettleiar i 100 % stilling ved læringssenteret i Vang frå juni 2024, og med 1 års varigheit.
På læringssenteret har vi vaksne elevar og flyktningar som er busett i Vang med rett og/eller plikt til introduksjonsprogram og / eller norsk og samfunnsfagopplæring.
Introduksjonsprogrammet består av element som skal kvalifisere til vidare utdanning eller arbeid. Kvar elev har sin eigen integreringsplan. Programrettleiar har i samarbeid med leiar og flyktningkonsulent ansvar for oppfølging, koordinering og veiledning etter integreringslova. Målet er at dei busatte flyktningane skal få god individuell tilretteleggjing som skal føre til økonomisk sjølvstende og god trivsel og integrering i Vang.
2975 Vang i Valdres
Referansenr.: 4787248204
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 03.06.2024
Sluttdato: 31.05.2025
Søknadsfrist: 11.04.2024
På læringssenteret har vi vaksne elevar og flyktningar som er busett i Vang med rett og/eller plikt til introduksjonsprogram og / eller norsk og samfunnsfagopplæring.
Introduksjonsprogrammet består av element som skal kvalifisere til vidare utdanning eller arbeid. Kvar elev har sin eigen integreringsplan. Programrettleiar har i samarbeid med leiar og flyktningkonsulent ansvar for oppfølging, koordinering og veiledning etter integreringslova. Målet er at dei busatte flyktningane skal få god individuell tilretteleggjing som skal føre til økonomisk sjølvstende og god trivsel og integrering i Vang.
Arbeidsoppgåver
- Koordinering av introduksjonsprogrammet
- Nettverksbygging, etablering og oppfølging av praksisplassar
- Individuell tilrettelegging og oppfølging av integreringsplan
- Programrådgiving – introduksjonsprogrammet
- Kartlegging og veiledning
- Journalføring i fagsystemene Visma flyktning og NIR
- Veiledning rundt arbeidsretta element og tiltak på gruppenivå
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med sosialfagleg, samfunnsvitenskapeleg eller anna relevant utdanning
- Ynskjeleg med relevant erfaring (kan kompensere for manglande relevant utdanning)
- Erfaring frå arbeid med flyktningar vil bli vektlagt
- Ynskjeleg at du har oversikt og kunnskap om arbeidsmarkedet
- Gjerne kompetanse på veilednings- og samtaleteknikker
- Fordel med relevant språkkompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- God relasjonskompetanse og gode, tydelege kommunikasjonsevner
- Engasjert, nyskjerrig og open
- Kunne stå i krevjande situasjonar og vere trygg i møte med mennesker i krise
- Målretta
- Fleksibel og tilpasningsdyktig
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsdagar
- Meiningsfulle oppgåver med spanande menneskemøter
- Positivt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons - og forsikringsvilkår
- I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
- Me kan hjelpe til å ordne bustad
Kontaktinformasjon
Kristin Venås, Leiar Vang læringssenter, 99536379, kristin.venas@vang.kommune.noArbeidsstad
Lundsmarka 152975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vang KommuneReferansenr.: 4787248204
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 03.06.2024
Sluttdato: 31.05.2025
Søknadsfrist: 11.04.2024
Om bedriften
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.