Bibliotekmedarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4242971808 Presentasjon av stillingen:
Vi lyser med dette ut ca. 40 % fast stilling som bibliotekmedarbeidar. Arbeidsstad blir Vatne og Brattvåg bibliotek. Biblioteka i Brattvåg og på Vatne er ein del av Ålesundsbiblioteka, med 25 tilsette. Vi har i alt ti bibliotek i Ålesund kommune. Verdiane våre er respektfull, nytenkande og engasjert.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie lånarar, hjelpe til med planlegging og gjennomføring av arrangement, ta del i praktiske oppgåver som innlevering og setje på plass bøker. Arbeid mellom anna to ettermiddagar i veka og to laurdagar i månaden.
Kvalifikasjonar
- Gode IT-kunnskapar, erfaring med kundebehandling.
Personlege eigenskapar
- Interesse for litteratur, engasjert, serviceinnstilt, kunne ta tak i praktiske oppåver etter kvart som dei dukkar opp, vere fleksibel, stabil, ta ansvar og jobbe sjølvstendig, kunne takle hektiske dagar med mange besøkande.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Løn- og arbeidsvilkår etter hovudtariffavtalen.
Kontaktinformasjon
Mette Aaram Ringstad, Biblioteksjef, 411 21 393
Arbeidsstad
Strandgata 40
6270 Brattvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4242971808
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.