Koordinator for droneprosjekt
Org. nr: - Stillingsident: 4178751735 Presentasjon av stillingen:
Vil du vere med på eit banebrytande prosjekt innan helsesektoren?
Helse Førde har ledig 50% midlertidig stilling som koordinator for eit innovativt prosjekt for å greie ut bruk av droner i helsetensta. Framtidas droner som eventuelt skal brukast til transport i helsesektoren er framleis ikkje utvikla, og det er heilt uvisst kva retning prosjektet vil ta.
Helse Vest har innvilga midlar til eit samarbeidsprosjekt mellom spesialisthelsetenesta og det private selskapet Airlift Solutions.
Stillinga skal sikre god koordinering mellom aktuelle helseføretak og vere eit bindeledd mellom Airlift Solutions, som utviklar droneteknologi, og helsesektoren.
Prosjektet "Bruk av drone i helsevesenet" skal inn i ei tredje fase. Fleire helseføretak i Noreg er involverte og ein tek sikte på ytterlegare breidding framover.
Koordinator får ei viktig rolle i å legge til rette for eit godt prosjekt i samarbeid med andre deltakarar. Det vil bli etablert styringsgruppe og prosjektgruppe. Koordinator vil forhalde seg til prosjekteigar i spesialisthelsetenesta.
Stillinga er plassert i Fag- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon. Koordinator vil ha eit nettverk med andre som arbeider med innovasjon, prosjekt og utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til og understøtte god struktur og koordinering mellom aktørane i spesialisthelsetenesta og mot Airlift Solutions
- Skape breiddeengasjement for prosjektet i helseforetaka
- Bidra til å kartlegge behov i andre helseforetak og regionar, tilsvarande kartlegging som vart gjort i fase 2 i prosjektet
- Bidra til å etablere nettverk og sikre kontakt mellom nøkkelpersonar i prosjektet og andre aktørar
- Sikre oversyn over informasjon som blir delt på tvers av foretak og Airlift Solutions (AS)
- Sekretær for styringsgruppe og prosjektgruppe (møteinnkalling, referat mv) og bidra i rapporteringsarbeid
- Sakshandsaming, sikre god dokumenthandtering mellom foretaka og AS
- Sikre god samhandling på tvers av foretak og AS
- Vere dagleg kontaktpunkt mot AS og ha tett kopling mot Helse Vest RHF
- Tileigne seg kunnskap om droneteknologi og dronelogistikk
Kvalifikasjonar
- Erfaring med og engasjement for innovasjonsarbeid
- Relevant utdanning minimum på bachelornivå, gjerne med innovasjon som fagfelt
- Relevant arbeidserfaring. Det er ein fordel med kjennskap til både helsetenesta og innovativt arbeid
- God framstillingsevne både skriftleg og muntleg
- Erfaring med prosjektarbeid og helst sakshandsaming
- Kjennskap til droneteknologi og dronelogistikk er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein engasjert medarbeidar som evnar å sjå moglegheiter framfor problem, og som likar utfordringar.
- Evne til tverrfagleg samarbeid - kunne bygge nettverk
- Evne til nytenking og nyskaping
- Ryddig og strukturert
- Sjå rolla som brubyggjar mellom ulike system
Vi tilbyr
Moglegheit til å delta i eit banebrytande arbeid
Løn etter avtale
Gode forsikringsordningar (Pensjon- og yrkesskade-/gruppelivs- og
tenestereiseforsikring)
Inkluderande arbeidslivsordning (IA-bedrift)
Godt arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver
Noko reiseverksemd må påreknast
Kontaktinformasjon
Guro Mjanger, Seksjonsleiar, 99258047
Arbeidsstad
Tefrevegen 45
6800
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4178751735
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 18.05.2020
Sluttdato: 17.05.2021
Søknadsfrist: 15.04.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.