Bioingeniør
Helse Fonna HF
Odda
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Annet
Antall stillinger
1
Bli vår nye bioingeniør!
Laboratoriet Odda, Helse Fonna HF
Har du lyst å jobbe saman med ein kjekk gjeng i eit godt arbeidsmiljø?
Då må du søkje på stilling hos oss ved Laboratoriet Odda! Vi er ein del av Avdeling for Laboratoriemedisin i Helse Fonna og er lokalisert ved Odda sjukehus.
Odda sjukehus er eit akuttsjukehus, noko som gir ein spanande og variert kvardag. Laboratoriet er døgnbemanna og stillinga inngår i vaktordninga med arbeid kvar 4-5 helg. Laboratoriet har fagområda preanalyse og prøvetaking, blodbank, medisinsk biokjemi og mikrobiologi. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåver og du vil rullere mellom dei ulike fagområda.
Odda ligg i Sørfjorden i Hardanger og er kjent som eit av dei vakraste områda i Noreg. Du finn fotturar i alle kategoriar - Trolltunga er berre eitt eksempel på kva Odda sin natur kan tilby. For den som ønskjer andre utfordringar finn du blant anna; brevandring, kajakk, sykkelturar, fruktgårdar, museum og natursenter. Odda har også ulike kulturarrangement som siderfestival, blueshelg og litteratursymposium.
Høyres dette ut som noko for deg, send inn ein søknad!
Arbeidsoppgåver
- Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
- Blodprøvetaking
- Tapping av blod
- Enkle mikrobiologiske analysar
- Delta i vaktordning
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
Hos oss er det viktig at du er:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er fleksibel og serviceinnstilt
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- er nøyaktig og kan jobbe effektivt og systematisk
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Veiledning med å finne bustad
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
For mer informasjon og for å søke på stillingen klikk på "Søk på stilling" knappen på denne siden.
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2697622
- Sist endret
26. august 2024
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4400874