Nyoppretta 50-100% introduksjonsstilling ALIS
Vi ynskjer å utvide vår kapasitet med å opprette ei eiga introduksjonsstilling i 50-100% stilling etter søkjar sitt behov.
Introduksjonsstillinga vil ikkje vere knytt til ei fastlegeliste, ein kan få tilpassa fleksibel arbeidstid etter avtale. Oppstart er snarast, eller så snart som mogleg.
Tokke legekontor har høg kompetanse og stabil legedekning. Vi set verdiar som nærleik og tid til pasientane våre høgt, og legg til rett for dette. Alle dei tre fastlegane våre er spesialistar i allmennmedisin. Den eine av fastlegane er også spesialist i samfunnsmedisin og tilsett som kommuneoverlege i 30% administrativ stilling. Listetak ligg i gjennomsnitt på 700 pasientar, men vert justert etter kommunale oppgåver og stillingsprosent. Vi har sjukepleiar, bioingeniør og hjelpepleiar i teamet, samt kreftkoordinator og sjukepleiar som arbeider med diabetespasientar.
Legekontoret er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg psykisk helse og rus, helsestasjon- og skulehelsetenesta inkl. jordmor, fysioterapi, ergoterapi og ein eigen kreftpoliklinikk. I tillegg er det tett samarbeid med to private fysioterapeutar med driftstilskot. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og vi har høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestane. Avdeling helse er samlokalisert med institusjon og heimetenesta
Legekontoret er godkjent som utdanningsverksemd og tilbyr ALIS- avtale med rettleiing.
Arbeidsoppgåver:
- Kurativt legearbeid og ø-hjelp på dagtid
- Kommunale oppgåver
- Legevaktarbeid
- Eit bredt fagleg samarbeid med andre tenester, internt og eksternt.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- Førarkort klasse B
- God framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg
Vi søkjer deg som:
- Arbeider målretta med pasientar
- Har god evne til å kommunisere og oppnå gode relasjonar til andre menneske
- Er fleksibel, løysingsorientert og positivt innstilt
- Har erfaring med å takle akutte situasjonar
- Kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- Har gode samarbeidsevner og eit fagleg engasjement
Vi tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse, eit stort engasjement, fokus på fagleg utvikling og konkurransedyktig fastløn
- Kontortid frå kl 08.00-15.30
- Avsett skjerma tid til administrasjon
- Veiledning og tilrettelegging under spesialisering i allmennmedisin
- Hjelp til bustad
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar via KLP
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om vikariatet kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid
Tlf: 35 07 55 30/ 41 10 09 75, e-post: evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no
Om bedriften
Kraft- og kulturkommunen Tokke ligg i Vest -- Telemark, og har eit mangfald av kultur- og naturopplevingar, gode buplassar både i sentrum og i landlege grender, eit stort idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til eit spennande næringsliv.
Tokke kommune blei for andre år på rad kåra til beste kommune for barn og unge i Unicefs kommuneanalyse i 2022. Du kan lese meir om korleis det er å bu i Tokke her: Velkomen til Tokke! - TOKKE KOMMUNE
I enden av Telemarkskanalen finn du kommunesenteret Dalen, som kan by på perler som Soria Moria, Dalen Hotel, Rui og ei triveleg handlegate i sentrum med spanande butikkar og kafé.
Her finn du også Tokke helsesenter, med sjukeheim, omsorgssenter, heimeteneste, dagsenter, kjøkken, helsestasjon, legekontor, psykisk helse, samt fysio- og ergoterapeut lokalisert under same tak.