Fagsjukepleiar - Pleie og omsorg Lærdal
Me har ledig:
100 % fast stilling som fagsjukepleiar i pleie og omsorg i Lærdal. Stillinga vil ha to faste dagar administrative (40 %) og resten i turnus med helg. Stillinga er ledig frå 19. august 2019.
Arbeidsoppgåver
- videreutvikle og vedlikehalde faglege prosedyrar og rutinar
- arbeid med elektronisk kvalitetshandbok
- planleggje internundervisning og ansvar for fagutvikling
- ansvar for opplæring og fagleg oppfølging av nye sjukepleiarar
- pådrivar for at Gerica, IPLOS og tiltaksplanar vert ajourført
- ansvar for praksisstudentar, elevar og lærlingar
Krav til/ønskje om praksis og eigenskapar
- erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- søkjaren må vere positiv, tydeleg, endringsviljug, løysingsorientert og fleksibel
- ha interesse for fag og fagutvikling
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- vere ansvarsbevisst og kan arbeide sjølvstendig i team
- gode IT kunnskapar
- personlege eigenskapar vert vektlagde
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- må like å undervise og rettleie
- må representere stabilitet, forutsigbarheit og kontinuitet
- må ha førarkort
Krav til/ønskje om utdanning
Offentleg godkjent autorisasjon som sjukepleiar
Lønnsvilkår
Lønn etter tariff
Me kan tilby
- triveleg arbeidsmiljø
- utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- fagleg og personleg utvikling
- gode opplærings- og utviklingsmulegheiter
- spanande, lærerik og fagleg utfordrande arbeidsplass
- arbeid som fagsjukepleiar kombinert med arbeid i turnus
Send søknaden til
vår heimeside: www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar"
Om bedriften
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. Vi er eit aktivt og framtidsretta samfunn som for tida arbeider med heile 30 ulike omstillingsprosjekt.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.