Assistent/Helgestillingar
Helse og omsorg, Vanylven kommune Avd. 2
Reitebakkvegen 23, 6143 Fiskå
Om jobben
Stillingstittel
Assistent/Helgestillingar
Type ansettelse
Engasjement, deltid 12%
Arbeidstid
Turnus, dagtid
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Kunne du tenkje deg ein spennande og meiningsfull jobb ved Vanylven helse og omsorgssenter avdeling2?
Likar du å hjelpe andre og gjere ein forskjel for eldre som bur i institusjon, må du søkje hos oss! Her får du moglegheit for læring og utvikling i eit sosialt og trivelig arbeidsmiljø.
Avdeling 2 har ledige stillingar på helg, og behov for tilkallingsvikarar. Helgestillingar i omlag 12% med jobb kvar tredje helg, med dag og kveldsvakter.
Avdeling 2 har totalt 25 plassar fordelt på tre grupper. Langtidsplassar, kortidsplassar og rehabilitering, KAD seng for akutt behandling, og rom for palliativ behandling. Her er også ei eiga skjerma eining for demens.
Vi søkjer etter deg med interesse eller erfaring innan helsefagleg arbeid, helsepersonell, studentar og assistentar. Fagutdanning og erfaring er ynskjeleg, men ikkje eit krav, da god opplæring for arbeidet vil bli gitt. Er du student å ynskjer å ha ein helgejobb saman med studiene er dette jobben for deg.
Høres dette interessant ut kan du gjerne ta kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga.
Arbeidsoppgåver
Yte helsehjelp, miljøarbeid og dagleg omsorg til den enkelte bebuar, etter den enkelte sine behov.
- Utføre dagleg stell/pleie etter bebuarar sine tiltaksplaner
- Hjelp og tilrettelegging i ernæringssituasjon
- Ta initiativ til aktivitet med bebuarar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem
- Jobbe i tråd med kommunens reglement og etiske retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Interesse for å jobbe med eldre.
- Helsefagleg utdanning/ erfaring (ikkje eit krav).
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
- Beherske IKT som arbeidsverktøy (aktuell opplæring vil bli gitt)
- Pliktoppfyllande og til å stole på
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Positiv og blid
- Lojal og ansvarsfull
- Stå på vilje
- Interresse for å jobbe med menneske
- Løysningsfokusert og emner å lære nytt
- Gode samarbeidsemner
- Jobbe effektivt, kreativt, strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med moglegheit for utvikling og læring
Løn etter gjeldande tariffavtale, gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221Arbeidsstad
Reitebakkvegen 236143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4667703777
Stillingsprosent: 12%
Engasjement
Kontaktperson for stillingen
Katrin Brekke Sunde
avdelingsleiar avd. 2
+47 70030221
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 150 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2354230
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5736721a21144ba7b11857aadcfdfebd