Vi søkjer dyktig rådgivar
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4102605020 Presentasjon av stillingen:
Fagsenter administrative system er ein seksjon i Økonomi- og Finansavdelinga. Vi er eit lite, men fagleg sterkt miljø som jobbar med system, rådgiving og brukarstøtte innan fagområda lønn, fråvære, reise, ressursplanlegging, rekruttering og organisasjon. Vi nyttar GAT som ressursstyringssystem, UBW/Agresso HR- og lønnssystem og Webcruiter rekrutteringsløysing. Vi har som mål at vi skal bidra til effektive prosessar og IKT-løysingar innan dei administrative fagområda i Helse Bergen.
Vi treng ein dyktig medarbeidar som kan gi brukarstøtte og rådgiving til våre leiarar innan arbeidsplanlegging og ressursstyring ved bruk av GAT. Kandidatar blir vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Brukarstøtte og rådgiving til leiarar i organisasjonen vår innan arbeidsplanlegging og ressursstyring ved bruk av GAT
- Bistå med andre brukerstøtteoppgåver innan områda lønn, fråvære, reise, rekruttering, organisasjon og fullmaktshandtering
- Gi opplæring til leiarar
- Bidra til vidareutvikling og forbetring av system og prosessar
Kvalifikasjonar
- Det blir lagt vekt på leiarerfaring med kompetanse innan ressursstyring og arbeidstidsplanlegging
- Erfaring i bruk av GAT som leiarverktøy
- Kjennskap til lov og avtaleverk som regulerer tilsetjings- og arbeidsforhold
- Fordel med kjennskap til HR- og lønnssystem (UBW/Agresso) og bruk av Personalportalen
- God systemforståing og IT-kompetanse
- Gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Krav til relevant utdanning frå Høgskule/universitet, diplom-/bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og imøtekomande
- Evne til raskt å setje seg inn i nye system og prosessar
- Du må vere løysingsorientert, strukturert og kunne jobbe sjølvstendig
- Du må trivast med å jobbe saman med andre og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Ha stor grad av fleksibilitet og godt humør
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Fleksitid
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Bente Kulild, Seksjonsleiar, 95996347
Arbeidsstad
Møllendalsbakken 9
5009 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenummer:4102605020
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 02.09.2019
Søknadsfrist: 04.08.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.