Konsulent risikoanalyser
Org. nr: 987601787 Stillingsident: 4271966912 Presentasjon av stillingen:
Ikkje berre er vi kanskje det største IT-miljøet på Vestlandet, men òg det viktigaste. Informasjonssikkerheita i Helse Vest sin digitale kvardag ligg hjå oss. For å tryggje informasjonen om pasientar og tilsette i Helse Vest gjer vi mange risikovurderingar av informasjonssikkerhet. Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt team på snart fem som høyrer til i seksjonen for IKT-sikkerhet, fordelt på heile Vestlandet.
For å styrke ROS-arbeidet vårt, søker vi no etter ein konsulent for risikoanalyser.
Helse Vest IKT har kontor i Bergen, Førde, Haugesund og Stavanger, så her kan ein velge arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre, dokumentere og rapportere ROS-analyser innan fagfeltet informasjonssikkerhet.
- Hjelpe risiko- og tiltaksansvarlege med å følgje opp og dokumentere risikoreduserande tiltak
- Hjelpe Helse Vest med å følje vårt styringssystem for informasjonssikkerhet og personvern samt etterleve relevante lover
- Arbeid med personvernkonsekvensvurderingar kan bli aktuelt
- Bidra til opplæring og god sikkerhetskultur
- Eventuelt bistå med internkontroll.
Kvalifikasjonar
- Kjennskap til risikovurdering som fagfelt
- Kjennskap til informasjonssikring og personvern er ein fordel, men ikkje eit krav. Du får god opplæring, både i faget og i vår ROS-metodikk
- Være god på å leie møter og styre diskusjonar fram til gode resultat
- Evne til å alltid forbetre.
Utdanningsretning
Risikostyring, IKT-fag, ROS-analyse, informasjonssikkerhet.
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag
Relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning.
Du har
- struktur og god evne til å følgje opp oppgåver
- ha ei høgt utvikla evne for konstruktiv bekymring, samtidig som du evner sjå tiltak og løysingar
- god munnleg og skriftleg formuleringsevne.
Vi tilbyr
- Eit godt og stort fagmiljø på IKT-sikkerhet, risikostyring og personvern i eit innovativt og driftig arbeidsmiljø i Helse Vest IKT
- Spanande oppgåver som gjer stor og synleg vinst i samfunnet
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Fleksibel arbeidsordning, både med tanke på arbeidsstad og fleksitid
- Gode pensjonsordningar under KLP
Kontaktinformasjon
Lars Erik Baugstø-Hartvigsen, IKT-sikkerhetsleder, 90098999, lars.erik@helse-vest-ikt.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 32
5096 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest IKT
Referansenr.:4271966912
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.08.2020
Om bedriften
Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 600 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.