Miljørettleiar, miljøterapeutar og fagarbeider i grunnskulen
Det er ledige stillingar som fagarbeider, miljørettleiar og miljøterapeut på Lidar skule, Rogne skule og på Øystre Slidre ungdomsskule. Kvar skule har mellom 100 og 130 elevar og 25-30 tilsette. Vi søkjer deg som har barnefagleg, pedagogisk eller helse-og sosialfagleg utdanning. Vi søkjer deg som er varm og trygg og god på å skape gode relasjonar. Du meistrar å stå i situasjonar som krev ein trygg vaksen i møte med barn og unge sine handlingar og kjenslar
Stillingane har komprimert arbeidsår (89% stilling) og er ledige frå 01.08.23. Det er ledig både faste stillingar og vikariat. Presiser gjerne kva for skule du søkjer på i søknaden.
Lidar skule og Rogne skule søkjer også etter personell til skulefritidsordninga på ettermiddagstid:
- Lidar skule: 13.45-16.30
- Rogne skule: 14.30-16.30
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å gjera skuledagen så trygg og god for elevane våre som mogleg
- Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette
- Arbeid på SFO del av stillinga på barneskulane
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter deg som er barnervernspedagog, vernepleiar, sosialpedagog, pedagog, spesialpedagog, eller har annan relevant universitets-/høgskuleutdanning
- Vi søkjer deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
- Du har kunnskap om oppdragelse, undervsining, leik, læring og utvikling.
- Du veit mykje om korleis læring foregår og kva du treng å ta omsyn til for at barn og unge skal lære best mogleg.
- Du kan observere, systematisere og fortolke sosialt samspel og læring til å vidare kunne setje inn eigna tiltak for eleven eller elevgruppa.
- Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §10-9
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane.
- Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar
- Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane
Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidskvardag saman med framoverlente kolleger
- Moglegheit til å bruke naturen og uteområdet i undervisning
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen
Kontaktinformasjon
Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, 99690813Siv Aina Theodorsen, Rektor ØSUS, 41761631
Are Alund, Rektor Rogne skule, 99734175
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4751375051
Stillingsprosent: 100%
Vikar, Fast
Søknadsfrist: 28.04.2024
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.