Barnehagelærar
Barnehagane , Bykle
4754 Bykle
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Til deg som ønsker å bo på fjellet og samstundes ha verdas beste jobb!
Vi har frå oktober 2024 ei ledig fast stilling som barnehagelærer i Bykle barnehage.
Barnehagane våre er arbeidsplassar kor dagane preges av mykje humor og glede. Du vil få ein innhaldsrik kvardag, der du må gje mykje av deg sjølv og dine kunnskaper. Det er små barnegrupper i barnehagen og god vaksentettleik. Hos oss ønsker vi å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring!
Løn ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstilleggArbeidsoppgåver
- Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap
- Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen
- Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik
- Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
- Gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg. Om du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss ein medarbidar som tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide
- Vi ser etter ein medarbeidar som er leiken og har humor.
- Vi har fokus på vaksenrollen og du må vere trygg i deg sjølv og kunne gje og ta tilbakemeldingar
- Du må ha evne og vilje til å bidra til at barnehagen er ein arena for utvikling og læring for barn og tilsette
- Du har fagleg fokus, er raus, ryddig og strukturert
- Du må vere fleksibel og sjå moglegheitar framfor hinder
- Du må like å vere ute og gjerne vere glad i ski- og friluftsaktivitetar
PERSONLEG EIGNAHEIT VEKTLEGGJAST
Vi tilbyr
- Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe
- Utvikling og fagleg påfyll, personalmøter kvar månad og avedelingsmøter kvar 4. dag
- Løn ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg
- God pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
Andre opplysningar
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Kontaktinformasjon
Caroline Rysstad, Tjenesteleder, 93421494Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: BykleReferansenr.: 4864893798
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2024
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2755374
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b34f00a3b7f54383a4940aa160bbbe88