Barne- og ungdomsarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4262509237 Presentasjon av stillingen:
Ca 70 % stilling, vikariat i perioden 17.08.20 - 31.12.20, med moglegheit for forlenging.
Brattvåg barneskule er ein barneskule med 210 elevar. Vi ligg i Brattvåg sentrum og har god offentleg kommunikasjon. Skulen er sertifisert som dysleksivennleg og arbeider etter desse prinsippa inn mot alle elevar. Vi har god tilgang på digitale læremidlar og utstyr til koding knytt til skaparverkstaden vår. Alle elevar på 1.-4.trinn har kvar sin IPad, og elevane på 5.-7.trinn har eigen pc. Vi legg vekt på å utvikle ein VI-skule der vi har ein lik pedagogisk plattform. Det er god struktur for teamsamarbeid og vi har fokus på at våre elevar skal oppleve at vi har ein kollektiv praksis.
Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert personale som har god og brei fagleg kompetanse.
Folkusområda våre er trygt og godt skulemiljø, vurdering for læring, klasseleiing, digital kompetanse, lesing og tidleg innsats. Vi er godt i gang med å førebu oss på ei nye læreplanane. Vår visjon er "Ein god skule for alle".
Vi søkjer etter ein medarbeidar som kan bidra til dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Gi omsorg og vere ein trygg vaksenperson.
- Bidra i daglege aktivitetar og vere tilstades for barna i deira skulekvardag.
- Bidra til at einskilde barn opplever positiv oppfølging.
- Bidra til god tilrettelegging for elevar med særskilte behov i nært samarbeid med lærar.
- Vere motiverande, kreativ og initiativrik i samspel med barn i leik og læring, både inne og ute.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter personar som har utdanning som fagarbeidar/ barne- og ungdomsarbeidar, men andre med liknande utdanning og erfaring kan og søkje på stillinga.
- Erfaring frå arbeid med barn med særskilte behov.
- Gode norsk-kunnskapar, min. Norskprøve, nivå B1.
- Den som vert tilsett må kunne framlegge tilfredstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
- Er positiv, engasjert , fleksibel og løysningsorientert.
- Er medviten rolla di som vaksen, og er tydeleg, klok og omsorgsfull i relasjon til andre.
- Kunne arbeide sjølvstendig, samarbeide og vere ein lagspelar.
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Vi tilbyr eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert kollegafellesskap.
- Tilsetting i IA - bedrift.
Kontaktinformasjon
Ann Iren Austnes, Konstituert rektor, 91848160, ann.iren.austnes@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Skulesvingen 4
6270 Brattvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4262509237
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 17.08.2020
Sluttdato: 31.12.2020
Søknadsfrist: 26.07.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.