Sjukepleiar - vikariat
Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal (døgn), Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen, 6450 Hjelset
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - vikariat
Oppstart
26. august 2024
Antall stillinger
1
Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåva til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) og psykiske lidingar hos personar over 65 år (ved demens ingen aldersgrense). Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 6 plassar. Poliklinikken har ein utstrakt bruk av ambulant aktivitet der også miljøpersonale frå sengepost deltar. Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.
Hausten 2024 skal vi inn i det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), og vi ser fram til å ha deg med på laget vårt.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak; sansestimulering, TID – modellen, tillitsskapande arbeid og brukar mellom anna Marte Meo til rettleiing innan funksjonsstøttande kommunikasjon
- Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og i poliklinikk
- Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak
- Halde seg fagleg oppdatert via seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskeleg
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
- Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringer i organisasjonen vår
- Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar
- Du er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet
- Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
- Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
- Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positiv
Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på mennesker som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4827966891
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Startdato: 26.08.2024
Sluttdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 09.09.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2687530
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f898911aff0748e1ad9fc17eca58a337