Fagarbeidar, miljøarbeidar eller miljørettleiar
Ørsta kommune kan frå skuleåret 2024/2025 ha ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar, miljøarbeidar eller miljørettleiar i skule og SFO. Det kan verte ledige både faste- og vikarstillingar. Tilsetting ved barneskular vil medføre arbeid i ferie-SFO.
Arbeidsoppgåver
Den som vert tilsett vil bli ein viktig medspelar i skulemiljøarbeidet i skule og SFO. Du vil arbeide både med enkeltelevar og grupper. Saman med dei andre tilsette ved skulen vil du vere ein aktiv bidragsytar til gode skuledagar og eit godt SFO-tilbod for elevane i Ørstaskulen.
Stillinga vil også kunne innebere samarbeid med skulen sitt innsatsteam mot mobbing (SIM), skulehelsetenesta og andre instansar som skulen/SFO samarbeider med.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer først og fremst barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev eller miljørettleiar med relevant 3-årig høgare utdanning.
Søkjarar med erfaring frå liknande miljøarbeid vil også kunne vere interessante for oss.
Den som vert tilsett må kunne legge fram godkjent politiattest før tiltreding.
Personlege eigenskapar
I vurderinga av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på at du er ein trygg, tolmodig og tydeleg vaksenperson og ein god relasjonsbyggjar. Du må å vere godt personleg eigna til å arbeide med born i den aktuelle aldersgruppa, og kunne tilpasse måten du kommuniserer på etter aldersgruppe og situasjon. Arbeidsdagen vil innebere tett kontakt og samarbeid med både born, føresette og andre tilsette. Det er avgjerande at den som vert tilsett i ei slik stilling er fleksibel og kan utføre arbeidet sjølvstendig og på eige initiativ.
Ørsta kommune sine verdiar er uttrykt med omgrepa tillit, energi, løysingsvilje og utvikling. Den som vert tilsett i Ørstaskulen, må ha god relasjonskompetanse, vere godt personleg eigna og evne å byggje positive relasjonar med barn og unge. Personlege eigenskapar og stabilitet vert vektlagde saman med utdanning og praksis. I Ørsta kommune ser vi kompetanse som dei samla kunnskapane, ferdigheitene, evnene og haldningane som gjer oss i stand til å utføre aktuelle oppgåver i tråd med definerte krav og mål.
Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for elevane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar.
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetting av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjar legg inn desse dokumenta i webcruiter ilag med søknaden.
Det vil kunne bli aktuelt med intervju. Ørsta kommune nyttar seg av referansar i tilsettingsprosessen.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Pål Einar Brekke, RådgjevarArbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4777002066
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 07.04.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 10 800 innbyggjarar den 5. største kommunen
i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap