Ledige læreplassar hausten 2019
Øystre Slidre kommune har ledig fylgjande læreplassar frå hausten 2019:
- Barne- og ungdomsarbeidar – 1 plass
- Helsefagarbeidar – 1 plass
- Institusjonskokk – 1 plass
Elevar som har bestått Vg1 og Vg2 innanfor dei aktuelle fagområda kan søkje. Søkjarar til læreplass må sende søknad med attestar og vitnemål frå Vg1 og Vg2, samt referansar. Gje ein kort beskriving av kven du er, og grunngje gjerne kvifor du ynskjer læreplass i vår kommune. Hugs å ta med adresse, e-postadresse og mobilnummer i søknaden. Viss du ynskjer nærare opplysningar, kan du ta kontakt med: Anne Mari Stensby, tlf 61 35 25 56. E-post: anne.mari.stensby@oystre-slidre.kommune.no.
Søknad merka med «arkivsak 19/308» skal sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar.
Søknadsfrist 1. mars 2019