Lærarar
Org. nr: - Stillingsident: 4193699075 Presentasjon av stillingen:
5 lærarstillingar ledig fra 01.08.2020
Brattvåg barneskule er ein barneskule med 220 elevar. Vi ligg i Brattvåg sentrum og har god offentleg kommunikasjon. Skulen er sertifisert som dysleksivennleg og arbeider etter desse prinsippa inn mot alle elevar. Vi har god tilgang på digitale læremidlar og utstyr til koding knytt til skaparverkstaden vår. Alle elevar på 1.-4.trinn har kvar sin IPad og alle elevane på 5.-7.trinn har eigen pc. Vi legg vekt på å utvikle ein VI-skule der vi har ein lik pedagogisk plattform. Det er god struktur for teamsamarbeid og vi har fokus på at våre elevar skal oppleve at vi har ein kollektiv praksis.
Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert personale som har god og brei fagleg kompetanse.
Fokusområda våre er trygt og godt skulemiljø, vurdering for læring, klasseleiing, digital kompetanse, lesing og tidleg innsats. Vi er godt i gang med å førebu oss på dei nye læreplanane. Vår visjon er "Ein god skule for alle".
Vi søkjer etter medarbeidarar som kan bidra til dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Undervisning på barnetrinnet
Kvalifikasjonar
- Du er utdanna lærar.
- Du er trygg på bruk av IKT i eige arbeid og i undervisning.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer medarbeidar som er positiv, engasjert og fagleg dyktig og som er god på samarbeid og samhandling.
Vi tilbyr
Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert kollegafellesskap.
Kontaktinformasjon
Berit Breivik Giske, Rektor, 913 77 664
Arbeidsstad
Skulevegen 4
6270 Brattvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4193699075
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.