Fleire stillingar som barnehagelærar (ped.leiar) f.t. ved Ruste barnehage og Toksebakken barnehage
Beskrivelse
Ved Ruste barnehage har vi ledig:
inntil 120 % vikariat som barnehagelærar (f.t. med funksjon som ped.leiar) i tida 01.08.2021 - 31.07.2022.
Ved Toksebakken barnehage har vi ledig:
20 % vikariat som barnehagelærar (f.t. med funksjon som ped.leiar) i tida 01.08.2021 - 31.07.2022,
10 % vikariat som barnehagelærar i tida 01.08.2021 - 31.07.2022 og
30 % fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.2021.
Desse 3 stillingane kan kombinerast.
Spesifiser i søknaden kva for stillingar du søkjer på.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utøve pedagogisk arbeid i tråd med godt fagleg skjønn.
- Ansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeidet og i det involvere øvrige tilsette.
- Medansvar for å utvikle barnehagen som en lærende organisasjon, og i det lede endringsarbeid på egen avdeling og bidra til ledelse av hele barnehagens endringsarbeid.
- Veilede og følge opp ansatte på avdeling.
- Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning.
- Erfaring med å leie kunnskapsutvikling.
- For stillinga i Toksebakken: 30 studiepoeng spesialpedagogikk vil vere ein fordel men ikkje eit krav.
Personlige egenskaper
- Gode samarbeidsevner og til å leie eit team.
- Gode evner til å skap gode relasjonar.
- Ferdigheter i å uttrykke seg klart fagleg både munnleg og skriftleg.
- Fleksibilitet.
Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt.
Vi kan tilby
- Arbeid i ein framoverlent kommune med dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Utviklingsmoglegheiter tilpassa deg og dine ambisjonar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Konkurransedyktig løn.
- Hjelp med å finne bustad.
- Barnehageplassgaranti.
Føresetnader / vilkår
- Politiattest av nyare dato er kravd for stillingane.
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2 % av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 700 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 13 200 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.