Søkjer ny rektor til Meling skule
Sidan noverande rektor tek til som rektor på Bremnes ungdomsskule, vert det ledig 100% stilling som rektor ved Meling skule frå 01.05.19. I tillegg til rektor har skulen ein avdelingsleiar med leiingsressurs på ca. 30% og ein merkantil ressurs. Kommunen er organisert som ein to-nivå kommune, der rektor har vide fullmakter og stort ansvar. Meling skule er ein fulldelt barneskule med 130 elevar, og har ca. 40 barn i skulefritidsordninga. Skulen ligg på vestsida av Bømlo, om lag 2 km frå kommunesenteret. På Meling skule går trivsel og læring hand i hand -- "ein god stad å vera og ein god stad å læra".
Me kan tilby:
130 kreative, humørfylte og flotte elevar
20 profesjonelle og engasjerte kollegaer
Variert naturområde og stort utemiljø
Eit ambisiøst og støttande skuleleiarnettverk i kommunen
Me søkjer ein rektor som:
har engasjement til å skape gode læringsprosessar og utvikle eit godt læringsmiljø både for elevar og tilsette
er god til å leie, inspirere og motivere andre
kan leie skulen vidare inn i ei digital framtid
har evne til å skape gode driftsrutinar for skulen
har kjennskap til lov- og avtaleverk, og har god økonomiforståing
kommuniserer godt med samarbeidspartnarar i og utanfor skulen
har leiarerfaring frå skulesektoren
Krav:
Vedkommande må ha pedagogisk utdanning.
Relevant leiarerfaring/leiarutdanning er eit fortrinn. For aktuelle søkjarar som ikkje har dette, vil tilsetjing skje på vilkår av at ein er villig til å gjennomføra skuleleiarutdanning.
Ny rektor som tiltrer må vere ein tydeleg, målretta og handlekraftig leiar som både formidlar forventningar og viser omsorg.
Politiattest er påkravd.
Løn etter avtale. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Nærare opplysningar kan ein få ved å venda seg til kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund - 53 42 30 54 /9 75 00 432