ID 2035 Helsefagarbeidar - Knutsaåsen omsorgssenter
Stord kommune
5417 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, fagarbeidar, hjelpepleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
2
På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Ved Knutsaåsen omsorgssenter arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Det er ledig 2 x 100% vikariat for fagarbeidar/fagperson ved Knutsaåsen omsorgssenter.
Eine stillinga er i demens avdelinga, den andre stillinga ved somatisk avdeling. Stillingane har og ansvar for avdelingskjøkken. Vikariata er ledig frå snarast
Stillingane er med arbeid kvar 3 helg og arbeid stort sett på dagtid i vekene.
Arbeids- og ansvarsområde:
I stillinga er arbeidsoppgåvene stell og pleie på morgonen før ein har ansvar for tilrettelegging og servering av måltid i avdelingskjøkken. Legge til rette for sosial aktivitet, hygge og velvære for bebuarane er ein viktig del av jobben.
Personlege eigenskapar vert vektlagt, som evne til samarbeid, god kommunikasjon med brukarane, pårørande og kollega. Du må ha god arbeidskapasitet og arbeidsglede. Me ynskjer kollega som er løysingsorientert, som likar utfordringar og kan jobbe fleksibelt. Du må kunne jobbe sjølvstendig og i team.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert helsefagarbeidar, men personar med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre og arbeid med kjøkken, kost og ernæring er også velkomen til å søkje
- Erfaring med arbeid frå demensomsorg
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Me ser etter deg som ser magien i møte med eldre menneskjer og at du ynskjer å gjere ein forskjell.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar ta kontakt med Einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2336621
- Sist endret
29. mai 2023
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
56ace2a8-2cb3-4fa6-9183-292109da53bd