Studentprest ved Universitetet i Sørøst-Norge (USN)
Org. nr: - Stillingsident: 4366740046 Presentasjon av stillingen:
Studentpresten er tilsett med teneste i heile USN, med særleg vekt på campusane Bø, Rauland, Porsgrunn, Notodden og Kongsberg. Dei to studentprestane ved USN trer inn for kvarandre når det er trong for det. Kontorplass vil vera i Bø.
Studentpresten ved USN er ein kyrkjeleg medarbeidar som i tillegg til dei føreskrivne oppgåvene som prest også skal vera med på å løfta universitetet og studentvelferda gjennom sitt daglege virke. Studentpresten skal bidra til å byggja eit livssynsope og inkluderande akademisk fellesskap der studentane blir sett og tekne vare på. Mange studentar er i ein sårbar overgangsfase i livet, og studentpresten skal vera ein støttespelar både på det personlege og det organisatoriske planet.
Studentpresten samarbeider tett med det andre rådgjevingstilbodet ved USN, tilretteleggingskontor og med SSN helse. Stillinga som studentprest vert heile tida forma gjennom personleg initiativ og i samarbeid med andre aktørar på universitetet.
Både kontorfellesskap og fagleg fellesskap gjev gode og viktige rammer for tenesta. Det nære samarbeidet vert også illustrert ved at lønsmidlane til stillinga vert dekka av Den norske kyrkja 50%, Universitetet i Sørøst-Norge 50%.
Prosten i Øvre Telemark er næraste overordna for studentpresten, og studentpresten er ein del av eit godt fagleg fellesskap i prostiet. Studentpresten jobbar i team med den andre studentpresten ved USN. Denne er stasjonert ved Campus Vestfold og har eit særleg koordineringsansvar for studentpresttenesta.
Tilsetting skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld, og den som vert tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement om m.a. spørsmål om tenesteordningar og andre avgjerder som kan influera på tenesta sine gjeremål.
Det vert nytta både bokmål og nynorsk. Søkjar må stadfesta at han/ho meistrar båe målformene.
Kvinner vert oppmoda om å søkja.
Den som vert tilsett må vera medlem av Den norske kyrkja.
Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som skal tilsetjast kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest/barneomsorgsattest.
Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført på denne lista (jfr. offentleglova 25, 2. ledd).
Arbeidsoppgåver
- samtalar med studentar på USN, med hovudvekt på campusane Bø, Kongsberg, Porsgrunn, Rauland og Notodden
- delta i kriseberedskap
- delta i læringsmiljøarbeidet
- medansvar for livssynsnøytrale aktivitetar
- medansvar for ulike kurs og samtalegrupper
- rådgjevar og støttespelar i einskilde saker for administrasjon og leiing
- kontakt med det kristne studentarbeidet
- viktig funksjon i samband med dødsfall
Kvalifikasjonar
Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande
Personlege eigenskapar
- trygg og fleksibel person som er glad i å samarbeida med andre
- glad i å oppsøkja og vera saman med unge menneske
- relasjonsbyggjar
- evne og vilje til å samtala på tvers av religion og livssyn
- arbeide sjølvstendig
- ha god sjelesørgerisk kompetanse
Vi tilbyr
- lønn i stillingskode 1465 Spesialprest
- etter- og vidareutdanning
- godtgjersle etter gjeldande satsar
- pensjonsinnskot
- arbeidsrettleiing
Kontaktinformasjon
Pernille Astrup, Studentprest, 474 011, pernille.astrup@usn.no
Bjarne Nordhagen, Personalsjef, 90996790, bn576@kirken.no
Arbeidsstad
Gullbringvegen 36
3800 Bø i Telemark
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Den norske kirke
Referansenr.:4366740046
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.05.2021
Om bedriften
Campus Bø er den nest største campusen til USN og ligg i Bø sentrum, like ved kulturhus, hotell og studentbustadar. Det er gangavstand til jernbanestasjon, handlegater, kjøpesenter og utestader. Den legendariske studentdrivne «Kroa i Bø» ligg også på campus. Det er i overkant av 6 500 innbyggjarar i Bø, og bygda er kjent for sitt rike kulturliv. Med tog kjem du deg til Oslo på to timer. Reisetida til Campus Notodden er 40 minutt, til Campus Porsgrunn og Campus Kongsberg 60 minutt og til Campus Rauland 1 time og 30 minutt . Til campus Drammen er det 1 time og 40 minutt, til campus Vestfold er det 2 timer og til campus Ringerike 2 timer og 30 minutt.