Overlege Karkirurgi
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege Karkirurgi
Oppstart
3. februar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. januar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som overlege og eit vikariat i 12 månader som overlege. Dette er ein spennande moglegheit til å bli ein del av ein av dei største og mest avanserte karkirurgiske avdelingane i Noreg.
Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar. Vi utfører mellom anna open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Avdelinga har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og andre spesialitetar. Vi er eit tertiærsenter for heile Vestlandet og dekker alle karkirurgiske problemstillingar i regionen.
Vi har omfattande poliklinisk og dagkirurgisk verksemd og eit eiga sirkulasjonslaboratorium. Avdelinga er i ferd med å bygge opp eit forskingsmiljø og har PhD-kandidatar.
Det blir forventa at du som overlege bidrar til forsking og undervisning, inkludert rettleiing av medisinstudentar og LIS-legar.
Avdelinga har 6-delt bakvaktordning med passiv nattvakt. LIS-legar i karkirurgi har eige forvaktsjikt fram til kl. 20 på kvardagar, og i tillegg er det deltaking av to karkirurgiske Lis 2 i eit døgnbasert forvakssjikt. Det er 14 legestillingar knytt til Karkirurgisk avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Tilby kirurgisk kompetanse og nærvær i både elektiv og akutt karkirurgi
- Diagnostisere og behandle pasientar med ulike karkirurgiske tilstandar
- Disponere og administrere ØH-stuer i samråd med kirurgiske bakvakter
- Visittgang på inneliggande pasientar
- Rettleie og lære opp yngre legar
- Delta i forsking og fagutvikling ved avdelinga
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av spesialitetar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i karkirurgi
- Relevant erfaring frå sjukehus, med vekt på karkirurgisk praksis
- Meistrar norsk flytande, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, nøyaktig og målretta
- Ansvarsbevisst og pasientorientert
- Viser sjølvstende og tryggleik i forhold til vaktkompetanse for det breie spekteret av pasientar vi handterer
- Gode prioriteringsevner under press
- Sterk på kommunikasjon og samarbeid
- Evne til å bidra til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
- Trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø med høgt tempo
- Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatar. Sjølvstende, nøyaktig og målretta
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Ein arbeidsplass med høgt fagleg nivå og sterke moglegheiter for forsking og fagutvikling
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Eit unikt tverrfagleg arbeidsmiljø i ein av Noregs leiande karkirurgiske avdelingar
- Svært godt arbeidsmiljø med eit tett og inkluderande samarbeid
- Stor grad av moglegheit til å påverke avdelingas retning og utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Espen Tyse Gubberud, Avdelingssjef, 97624606Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4893444818
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 01.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Espen Tyse Gubberud
Avdelingssjef
97624606
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2806287
- Hentet fra
talentech
- Referanse
159b01d203b5461fab76d43cb67dcc0c