Lærling i service- og administrasjonsfaget
Lærling i service- og administrasjonsfaget?
Har du lyst til å vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland?
Vi søkjer to lærlingar som er løysingsorientert, har gode samarbeidsevner og som vil vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland.
Vestland fylkeskommune skal gje ungdom og vaksne vidaregåande opplæring med høg kvalitet. Den vidaregåande opplæringa skal bidra til berekraftig forvaltning av ressursar og til gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde gjennom mellom anna eit breitt og likeverdig opplæringstilbod.
Kvar dag får 30 000 ungdommar og vaksne opplæring i skule og bedrift. Fylket har 44 vidaregåande skular, fagskule, produksjonsskule og folkehøgskule, vi er omlag 5000 tilsette og vårt årlege driftsbudsjett er på omlag 3,4 mrd. Når ungdom og vaksne søker skuleplass eller skal ut i lære, er det seksjon inntak, forvaltning og sluttvurdering som handterer dette. Seksjonen administrerer eksamen og fag-/sveineprøvar og forvaltar dokumentasjon som vitnemål, kompetansebevis og fag-/sveinebrev. Seksjonen har òg ansvar for lærekontraktar og godkjenning av lærebedrifter og opplæringskontor.
Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse har to ledige læreplassar i service og administrasjonsfaget ved seksjon for inntak forvalting og sluttvurdering.
Vi søkjer etter to engasjerte og motiverte lærlingar som ønskjer å bli ein del av seksjonen i fylkesadministrasjonen, lokalisert sentralt i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Administrative oppgåver knytt til kompetansemåla i læreplan vg3.- Kundebehandling og service via e-post og telefon.
- Tilpassa informasjon og kommunikasjon til ulike brukarar.
- Organisering av interne møte, samlingar, hotell booking, og Webinar.
- Arkivarbeid.
- Rekrutteringsarbeid.
- Referatskriving.
- Samhandling med andre seksjonar i avdelinga.
- Gjennom læretida vil det undervegs komma nye arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Fullført vidaregåande opplæring, fortrinnsvis Vg1 Salg, service og reiseliv og Vg2 Service, sikkerheit og administrasjon.
Har andre yrkesfagleg utdanningsprogram eller studiekompetanse.
- Bestått i alle fag.
- Lite fråvær, god orden for åtferd.
- Gode karakter i programfaga.
- Gode skriftleg og munnleg norskkunnskapar.
- Gode digital ferdigheiter.
Personlege eigenskapar
- Du er motivert for å gjennomføra opplæring i bedrift.- Du har gode samarbeidsevner og er lett å kommunisera med.
- Du er serviceinnstilt og ansvarsfull.
- Personlegdom og evne til å kunna passa inn i ein tverrfagleg arbeidsfellesskap.
- Kunne arbeida nøyaktig og sjølvstendig.
Personleg eigenskapar blir vektlagde.
Vi tilbyr
- Lønna følgjer tariffavtalen og aukar gradvis i løpet av læretida.- Gode faglege utviklingsmoglegheiter.
- Fleksitid.
- Spennande arbeidsplass sentralt i Bergen sentrum.
- Det er ei moglegheit for å søkja om utveksling i utlandet, Erasmus+.
- Hyggjelege medarbeidarar i ein positiv og inkluderande arbeidskultur.
Kontaktinformasjon
Øivind Høines, seksjonssjef, 99005647, oivind.hoines@vlfk.noMette Susanne Dale, Fagleg leiar, 57992338, mette.susanne.dale@vlfk.no
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4787152426
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 10.04.2024