Ferievikar i Helse og velferd, Måløy
Kinn kommune
Gate 1 64, 6700 Måløy
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar Helse og velferd i Måløy
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
20
Arbeidsoppgåver
Fast tilsette i Helse og velferd avviklar hovudferie i perioden 20.06.2023 - 21.08.2023, og då ynskjer vi deg som ferievikarar i tenesta vår. Viktig å merke seg at dei som kan arbeide heile eller størsteparten av perioden vil bli prioritert. Du må oppgje kva tidsrom du kan jobbe frå dato – til dato. Fint om du vil prioritere kva teneste du ynskjer å jobbe i (t.d. 1 Kulatoppen, 2 Legekontor,3 heimetensta, 4 miljøtenesta). Dersom du søkjer fleire stadar og/eller har høve til å arbeide før eller etter den fastsette perioden må du opplyse om dette i søknaden. Er det periodar i ferien du ikkje kan arbeide i, må du opplyse om dette i søknaden. Dersom du ynskjer å fortsette som vikar etter sommaren er det mulighet for det.Kvalifikasjonar
- autoriserte sjukepleiarar/studentar- autoriserte vernepleiarar/studentar
- autoriserte hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar/elevar
- andre med interesse for arbeidsfelta
- legesekretær
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er strukturert, likar å ha ansvar og tek ansvar. Du likar å jobbe i team, er fleksibel, kreativ og løysingsorientert. Du bør vere fylt 18 år (17 år på institusjon) og beherske norsk skriftleg og muntleg. Det er ein fordel om søkjarar til heimetenesta har førarkort, men ikkje naudsynt for jobb i alle soner. Ved tilsetting blir det kravd politiattest
Vi tilbyr
-Muligheit til å bli kjent med spennande framtidige yrker
-God opplæring for nytilsette og opplæring i avdeling samt relevant fagmateriell
-Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
-Tariffløn og særskild avløning dersom du er under utdanning til relevant høgskule/ universitetsutdanning.
Kontaktinformasjon
Rakel Garnes, Tenesteleiar Måløy avlastning, 41922879, rakel.garnes@kinn.kommune.noAnita Brandal Solberg, Tenesteleiar Måløy heimeteneste, 91815678, anita.solberg@kinn.kommune.no
Jeanette Jensen, Vikarierande tenesteleiar, 97960915, jeanette.jensen@kinn.kommune.no
Arbeidsstad
Gate 1 646700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4790048286
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2024
Om bedriften
Kinn kommune blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2604853
- Sist endret
1. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
05b936c03b104536aec52914c7f1bb39