Sjukepleiar inntil 100 %
Er du sjukepleiar og ønsker å arbeide blant flotte fjell og langstrakte fjorder, med dei beste kollegaene, med eit høgt fagleg nivå? Då er du velkommen til å søke hos oss i heimebasert omsorg i Vanylven!
Heimetenesta i Vanylven har vore gjennom eit større omorganiseringsprosjekt med samling av alle tenestane som har gitt oss moglegheit til erfaringsutveksling og oppgavedeling på eit nytt nivå. Dette for å imøtekomme dagens og framtidas utfordringar innan helsetenester til brukarar som bur i eigen heim.
Vi jobbar mot mål i kvalitetsreformen "Leve Heile Livet" som seier at eldre skal bu lengst mogleg heime, med fokus på god helsehjelp, samanhengande tenester, gode pasientforløp, kvardagsmeistring og velferdsteknologi.
Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande.
Vi yter tenester til komplekse og multisjuke brukarar og er i stadig utvikling for å imøtekomme dagens og morgondagens behov både innanfor rehabilitering, rus og psykiatri, geriatri, demens og palliativ omsorg.
Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.
Vi har god dekning med sjukepleierfagleg kompetanse og treng no ein ny kollega med på laget.
Arbeidet inneber turnus med vakter på dag og kveld, arbeid kvar tredje helg. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Det vil iøpet av det kommande året bli lagt opp til årsturnus.
Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassas etter ønske.
Heimebasert omsorg er i lokalisert i første etasje ved Vanylven Helse-og omsorgssenter på Fiskå, og har også base ved omsorgsbustad på Syvdetun i Syvde.
Aktuell stilling har pr tiden oppmøtestad hovedsakeleg ved Syvdetun.
Vanylven har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling. Vi har også avtale om nedbetaling av studielån med 15% pr. år inntil 28 000,- dersom du bur eller flyttar til kommunen.
Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta det sjukepleiefaglege arbeidet
- Sjukepleiefaglege prosedyrer
- Sørgje for god dokumentasjon og utarbeiding av planer i EPJ
- Vurdere og kartlegge behov hos brukar
- Medikamenthandtering
- Sørgje for god samhandling og tverrfagleg samarbeid
- Sikre gode pasientforløp til brukarar av tenesta
- Ta i bruk velferdteknologiske løysingar
Kvalifikasjonar
- Norsk godkjenning som sjukepleiar
- Godkjent politiattest
- God kunnskap om dokumentasjon og bruk av IKT-verktøy
- Kommunisere godt skriftleg og muntleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Engasjert og ynsker å bidra til å utvikle og betre tenestene
- Førerkort klasse B, manuellgir
- Effektiv, fleksibel og løysingsorientert
- Positiv bidragsytar for eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
- Positiv
- Ansvarsbevisst
- Effektiv, fleksibel og løysingsorientert
- Sjølvstendig og initiativrik
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Moglegheit for eigenutvikling
- Positivt og godt eteblert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Godt samarbeid både internt i avdelinga og på tvers av avdelingar
- Tilrettelagt turnus
- Rekrutteringstillegg 30 000 pr år
- Nedbetaling av studielån
- Gode pensjons og forsikringsordningar
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Gjer vel å oppgje referansar.
Kontaktinformasjon
Karoline Lundås, leiar for heimebasert omsorg, +47 70030211Arbeidsstad
Rådhuset6143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4797799937
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2024
Søknadsfrist: 28.04.2024
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!