Vikarliste for barneskular, ungdomsskular og vaksenopplæringa
Etter § 10-9 i opplæringslova, må dei som skal tilsetjast i grunnskulen leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga. Attesten må ikkje vera eldre enn tre månader.
Politiattest skal leverast til rektor ved tilsetjing saman med skattekort, kontonummer og godkjende kopiar av vitnemål og attestar.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.