Barnehagelærar 40-60%
Breiflabben Barnehage As
Åsen 75, 5440 Mosterhamn
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærer
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. mai
Send søknad til
Kven er me?
Me verdset dei små og gode møtene - kvardagsmagien som oppstår når ein engasjert vaksen møter nyfikne barn i vill og variert natur. Dei minste av oss møter naturen på eigne tilrettelagde premisser: Barfot i mosen, ei svaiande hengekøye i skogen og plasking i strandkanten - saman med vaksne som formidlar ro og kjærleik i store monn. Dei største syklar langt av gårde, klatrar i dei høgaste trea, drar på fisketur og opplever vaksne som løftar dei opp og fram!
Me tilbyr:
- eit godt arbeidsmiljø der alle kjenner alle
- friheit til å påverke eigen arbeidsdag
- nødvendige midlar til utviklingsarbeid på avdelinga
- medlem av pbl og føl deira tariff og penjonsordningar
Me er meir enn summen av våre deler. Me vil byggje eit team som arbeidar saman og løftar kvarandre mot felles mål. Me har ambisjonar langt utover den gemene barnehage: I alt me gjer siktar me mot stjernene. Natur, rørsle og meistring i trygge omgivnadar skal prege all vår drift - er du den som fasiliterer dette?
Kven er du?
Du vil ut og opp! Du trur at ting går an og du veit at barn kan! Du seier ja! Om du helst vil arbeide med små eller store barn betyr ikkje så mykje for oss, me lager rom for den rette! Det er nemleg ikkje slik at me trur me kan finne den som passer perfekt inn i vår visjon - men me tur me kan finne deg som gjer vår visjon litt betre!
Me har ledig ei 40-60% stilling som barnehagelærar hos oss. Me er på jakt etter deg som:
- har masse kjærleik å gi og er ein trygg og god vaksen for barna
- er trygg i rolla som pedagog
- er brennande opptatt av å setje barns beste først
- er god til å samarbeide og gir positiv energi til dei rundt deg
- kan arbeida sjølvstendig
- er fleksibel
- meiner at barn har det beste ute
- kan tenkje utover avdelinga og på heilskapen i barnehagen
- er vasstett, kan lage mat på bålet og tar utfordringar på strak arm
Ynskje vårt er at me skal opplevast som ei forlenging av heimen, og at her skal det være trygt og godt for alle barn å kome. Du skal helst ikkje ta med jobben heim, men du MÅ ta deg sjølv med på jobb!
Arbeidsoppgåver
- leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med barnehagens visjonar og i samsvar med gjeldane lovar og forskrifter i lag med pedagogisk leiar
- medansvarleg for planlegging, gjennomføring, dokumentering, og utviklingsarbeid på di avdeling og i barnehagen
- sørgje for godt foreldresamarbeid, leie foreldremøter og foreldresamtalar.
- delta i og leie barnehagens satsing på natur, friluftsliv og fysisk aktivitet
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ein liten friluftsbarnehage med fokus på natur, kropp og helse. Me har eit engasjert personale som vil skape ein trygg stad for barn og foreldre.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2634478
- Sist endret
26. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5590b8b5-602c-4138-9618-7890e640b8f0