Seniorrådgjevar - Økonomiansvarlig
Fagskulen Vestland - Organisasjon og samhandling
Haugeveien 28, 5005 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgjevar - Økonomiansvarlig
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Med over 1800 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Om stillinga
Fagskulen Vestland søkjer etter ny medarbeidar til stilling som økonomiansvarleg. Til stillinga ligg det overordna ansvar for økonomioppfølging og koordinering i økonomisaker. Den som vert tilsett vil rapportere til prorektor for organisasjon og samhandling og vil inngå i staben.
Stabsseksjonen ved Fagskulen Vestland har i dag 6 medarbeidarar innan fagområda økonomi, HR og løn, sekretariat og klagehandsaming, studieadministrasjon, sosialpedagogisk rådgjeving, prosjektutvikling og internasjonalisering.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for økonomioppfølging og koordinering ved avdelingane og skulen som heilheit
- Delta i verksemdsstyring og gjennomføre rapportering, analysar og prognosar
- Bidra til å utvikle prosesser, system og verktøy for verksemds- og økonomistyring
- Sikre kompetanseutvikling og internopplæring innan stillinga sitt ansvarsområde
- Utarbeide årleg budsjett og gjere budsjettreguleringar i samarbeid med leiinga
- Utarbeide årleg tilbodsstruktur i samarbeid med leiinga og opptaksansvarleg
- Førebu saksframlegg til styret innan fagfeltet
- Overordna ansvar for større innkjøp
- Fagleg oppfølgingsansvar for medarbeidarane innan løn og rekneskap
Kvalifikasjonar
- Master innan økonomi. Kravet om mastergrad kan fråvikast ved annan relevant kompetanse eller erfaring. Stillinga kan då bli plassert i anna stillingsnemning.
- Minimum 5 års erfaring er ein føremon.
- Erfaring frå liknande arbeid i offentleg sektor vert vektlagt
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God kjennskap til Visma økonomi- og HR-system er ein føremon
Administrasjonsspråket i fylkeskommunen er nynorsk
Personlege eigenskapar
- Målretta
- Systematisk og analytisk
- Initiativrik og sjølvstendig
- God samarbeidsevne
- God kommunikasjonsevne
Vi tilbyr
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Arbeidsstad
Bergen eller Førde. Reiseverksemd mellom studiestadene må påreknast.
Kontaktinformasjon
Hege Aarethun, Administrasjonsleiar , +4799509287, hege.aarethun@vlfk.noArbeidsstad
Haugeveien 285005 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4662904387
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2337117
- Sist endret
1. juni 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ebec3fd1fb6e4e8f9a9fd5efa42d2e9b