Vil du hjelpe menneske ut i jobb?
Org. nr: - Stillingsident: 4394081103 Presentasjon av stillingen:
Ønskjer du å bidra til at personar med sjukdom og nedsett arbeidsevne kjem seg i arbeid? Har du tru på at dei aller fleste menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar, kan vere i ordinært arbeid? Ønskjer du å bidra til eit viktig samfunnsområdet? Da er dette ein jobb for deg.
Vi har ledig eit vikariat som rettleiar i teamet Jobbforberedelse i avdeling Arbeidsinkludering. Avdelinga har 15 tilsette kor ein jobbar i Jobbretur, Jobbforberedelse eller som statleg forvaltar. I jobbforberedelse er det 5 tilsette. Rettleiarane i Jobbforberedelse jobbar med personar som har helseutfordringar. Ein må jobbe heilskapleg og tverrfagleg med utgangspunkt i kvar einskilt person sitt behov. Formålet med stillinga er å støtte og rettleie personar ut mot arbeid eller mot kompetansehevande tiltak.
Arbeidsoppgåver
- Eiga portefølje med personar ein skal kartlegge, motivere og rettleie på vegen mot jobb eller utdanning.
- Arbeidsretta og sosialfagleg oppfylging av personar over 30 år med nedsatt arbeidsevne.
- Utstrekt samarbeid med arbeidsgjevarar, helsevesen, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- minimum fullført 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet, helst innan samfunnsfag, medisin/helse/sosialfag, pedagogikk og psykologi. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring innan rettleiing og motivering
- erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Det er ynskjeleg at du har
- erfaring frå arbeidsretta og sosialfagleg oppfylging av personar
- erfaring med å bruke digitale verktøy i arbeidet og god kjennskap til Office365
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er nysgjerrig
- er uredd
- er god til å bygge relasjonar og nettverk
- er strukturert
Vi tilbyr
- Meiningsfylte arbeidsoppgåver knytt til eit viktig samfunnsoppdrag
- Fagleg spanande jobb
- Statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr. 466 500,-. til kr. 526 000 per år.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2 %)
Kontaktinformasjon
Jannicke Bertelsen, Avdelingsleiar, 97597575, Jannicke.Bertelsen@nav.no
Arbeidsstad
Foldnesvegen 1
5353 Straume
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NAV
Referansenr.:4394081103
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.07.2021
Sluttdato: 31.03.2022
Søknadsfrist: 06.06.2021
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling