Vernepleiar / Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4140740164 Presentasjon av stillingen:
Frå 01.01.2020 slår kommunane Fusa og Os seg saman til Bjørnafjorden kommune. "Saman for vekst og utvikling!" er visjonen for arbeidet med kommunesamanslåinga, og større og meir robuste fagmiljø er eit viktig mål.
Er du ein engasjert vernepleiar eller sjukepleiar og skapar lett gode relasjonar med samarbeidspartnarar? Då treng vi deg.
Ved tiltak for funksjonshemma har vi ledig:
- 100 % fast stilling for vernepleiar eller sjukepleiar frå snarast.
Stillinga er i turnus f.t. med rullerande turnus over 12 veker med arbeid kvar tredje helg.
Du er sjølvstendig , strukturert og har godt humør, og på den måten bidrar du til eit positivt og godt samarbeidsklima og miljø for brukarar, pårørande og dine kollegaer. Fokus på fagutvikling og læring er viktig for eininga, så for den rette personen er det mogleg å vere med å påverke slik at vi leverer treffsikre tenester.
Eining Pleie og omsorg omfattar fleire avdelingar: Fusa bu- og behandlingssenter, Heimesjukepleie og Tiltak for funksjonshemma med Avlastning for barn og unge i avlastningsbolig og privat heim. I tillegg har vi Dagsenter, Ambulerande Natteneste og BPA.
Om intern søkjar vert tilsett i stillinga kan det bli ledig anna stilling for vernepleiar/sjukepleiar i Pleie og omsorg.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og miljøterapi.
- Må pårekne primærkontaktansvar.
- Utarbeiding av tiltaksplanar.
- Medansvarleg for dokumentasjon og medikamenthandtering.
- Ansvar for å gje hjelp ut i frå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet.
- Ansvar for gjennomføring av tiltak jf. HOL.kap.9.
- Muligheit for koordinatoransvar for individuell plan (sikre heilskaplege tenester).
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir følgd.
- Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak.
- Veiledning og opplæring av medarbeidera og studentar.
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar.
- Autorisasjon som helsefagarbeidar kan verte vurdert.
- Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og/eller personar med multifunksjonshemming.
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Erfaring frå omfattande tenester i privat heim
- Løysingsorientert og endringsvillig.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Må ha førarkort og disponere bil.
- Krav om politiattest jmf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Utdanningsretning
- Medisin / Helse/ Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høgskule / Universitet, Diplom / Bachelorgrad
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig.
Strukturert.
Godt humør.
Løysingsorientert og endringsvillig.
Fleksibel og lojal.
God evne til etisk refleksjon over eigen praksis.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Motiverande og engasjerande medarbeidar.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med kjent, stabilt og kvalifisert personale.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Eit utviklande og lærande fagmiljø med internundervisning og kompetanseheving.
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, etter gjeldande reglement, lov- og avtaleverk.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
Kontaktinformasjon
Torunn Haugen, einingsleiar, 93674514, trh@os-ho.kommune.no
Arbeidsstad
Brakabygda 12
5640 Eikelandsosen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fusa kommune
Referansenr.:4140740164
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 27.10.2019
Om bedriften
Fusa - midt i blinken!
Fusa kommune ligg sentralt plassert i Bjørnafjordsregionen midt i Hordaland, ein knapp times reise frå Bergen. Vi har ca 3 920 innbyggjarar, god barnehagedekning og skuletilbod som omfattar vidaregåande skule. Frå naturen si side ligg alt til rette for å leva aktive liv innanfor grøne rammer, frå sjø til snø.
Visjon og slagord for kommunen er ¿Fusa ¿ midt i blinken!¿, og vi har som mål å levera treffsikre tenester. F.o.m. 1.1.2020 slår Fusa seg saman med Os til Bjørnafjorden kommune. Fusa kommune har ca 360 tilsette. Vi satsar på arbeidsmiljøtiltaket <> og arbeider i tråd med verdisettet R-O-M-S-L-E-G med tilhøyrande etiske retningslinjer. For alle stillingar i Fusa kommune gjeld desse generelle vilkåra.