Ferievikar 2024 for LIS1 til Stord, Odda og Haugesund sjukehus
Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Stord, Ullensvang
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar 2024 for LIS 1 til Stord, Odda og Haugesund sjukehus
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Antall stillinger
30
Skriv i søknaden kva for sjukehus du vil prioritere. Du kan også skrive kva klinikk du vil prioritere. Dersom du ikkje kan arbeide heile perioden, må du skrive kva periode du kan arbeide. Vi vil vektlegge om søkjaren kan jobbe minst 6 veker eller meir.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Dersom du har lisens, er det fint om du skriv opp HPR-nummeret ditt i søknaden.
- Det er eit krav at du kan framlegge norsk lisens som medisinarstudent eller som LIS1 innan oppstart, evt. norsk autorisasjon som lege.
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert.
- Ansvarsbevisst.
- Nøyaktig.
- Gode kommunikasjonseevner og gode norskkunnskapar.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Introduksjon og opplæring.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Høgt fagleg nivå.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kari Marie Tjelmeland, Seksjonsleiar Somatikk Odda, (+47) 53651120Helge Espelid, Klinikkoverlege, kirurgi, Haugesund, (+47) 52732426
Borghild Aakra, Klinikkoverlege, medisnsk klinikk Haugesund, 52732096
Aud Lisa Kjøl, Seksjonsleiar, Stord sjukehus, 53491039
Ingrid Camilla Aasbøe Heggland, Seksjonsleiar Haugaland DPS/psykolog, (+47) 95767168
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4729855570
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.12.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2481203
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0cdd85eec98043d5847f394c8b6dd0b0