Filialstyrar Gulen folkebibliotek
Gulen kommune
Byrknes skule og Dalsøyra skule , 5970 Byrknesøy
Om jobben
Stillingstittel
Kultur og mangfald. Tilsetjing 24,7% fast filialstyrar frå 01.11
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Om stillinga/stillingane
Gulen folkebibliotek har fire avdelingar. Hovudbiblioteket ligg i Eivindvik, og filialane i Brekke, Byrknes og Dalsøyra er lokalisert på skulane, saman med skulebiblioteka.
Er du glad i å lese, trivst du godt med å møte folk, og kan tenkje deg å formidle litteratur? Då håpar vi du vil søkje stillingane som filialstyrar!
Fylgjande stillingar vert ledige:
- 9,5% fast stilling som filialstyrar på Dalsøyra, ledig frå 01.11.2024
- 14,7% fast stilling som filialstyrar på Byrknes, ledig frå 01.11.2024
Dalsøyra filial er ope tysdagar kl. 16-19. Byrknes filial er ope onsdagar kl. 15-20.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til utlån og innlevering
- Samlingsutvikling
- Litteraturformidling
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå kundebehandling eller serviceyrke
- Ein må kunne kommunisere godt på norsk; både skriftleg og munnlege
- Gode IKT-kunnskapar
- Fagbrev (to år) er ynskjeleg, men er ikkje eit krav for stillinga/stillingane
Personlege eigenskapar
- Interesse for litteratur
- Fleksibel, nøyaktig og strukturert
- Imøtekommande, positiv og serviceinnstilt
- Arbeide sjølvstendig, men også samarbeide godt med andre
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2725365
- Sist endret
27. august 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10221244